«Sjølvsagt er det sel!»

Søndag 28. september byr Ishavsmuseet på sel til middag frå kl. 12-17. Ishavsmuseet si alltid så populære selkjøtgryte står sjølvsagt på menyen. Det gjere også «Tornedå» av selbiff med fløtegratinerte poteter og peparsaus a’la blueback, marinert selkjøt i pitabrød og røykt selkjøt i lefse. Fleire delikatesser å prøve seg på her med andre ord.

«Nauta godt!» seier styrar ved Ishavsmuseet Webjørn Landmark om denne menyen. Selkjøt er eit fantastisk godt og mørt kjøt. Selkjøt kan likne litt på kval, men er endå betre og mørare. Kjøtet av årets fangst i Vesterisen var av ypparste klasse og godt stelt av mannskapet på «Havsel» som leverte fangst i Tjørvåg tidligare i år.

Hendinga på Ishavsmuseet denne søndagen markerer avslutninga på ein fin sommarsesong ved museet der besøket av turistar stadig har vore aukande. Landmark opplyser at sesongen ved museet ikkje er heilt over, museet har nemleg valt å forlengje sesongen og den faste opningstida til den 20. oktober. Søndag vert det vist film frå selfangst i undervisningssalen, og det er framleis høve til å sjå vandreutstillinga «Grønland for 100 år sidan» i Aarvakhuset.