Teaterframsyning frå dekk på Aarvak. Søndag 23.oktober

Med ishavsskuta Aarvak som kulisser byr vi inn til teaterframsyninga HELG.

Søndag 23. oktober kl. 16.00.

Kulissene kunne ikkje vore betre for akkurat dette stykket som omhandlar kystfolket og sildefisket.

For første gang samarbeider dei tre store teatra i midt-noreg om ei framsyning som skal turnere i dei tre fylka. Nord-Trøndelag Teater, Teateret Vårt i Molde og Trøndelag Teater er stolte over å presentere ein norsk urpremiere på eit stykke som forankrar seg i kystfolket og utfordringane deira.

Sund sitt stykke er eit familiedrama kor mange vil kjenne att seg sjølv eller sine. Med røter i trøndersk forteljartradisjon, er dette ei historie om vilkår for folk på kysten, om naturkreftene og ei tid med store omveltningar.

Hendinga tek til i ytre Trondheimsfjord. Gjennom fleire hundre år har sildefisket skapt stor vekst og velstand. Dette året blir silda borte. Det er vårjevndøger i ei tettfolka bygd i Stjørna. I mangel av fangst får basen Bjørn på sildesnurparen Stjørnfjell ei uventa frihelg. Der ventar kona, Margit, og sonen Benjamin.

Billett kr. 200,- førehandssal på Ishavsmuseet og på www.sjoborg.no og ved inngangen. Etter framsyninga vert det middag i museet med sild og selkjøtt på menyen.