Utsolgt foredrag med Jarle Andhøy på Ishavsmuseet

NB: Ny dato: Foredraget med Jarle Andhøy onsdag 4. september er no utsolgt. Vi gler oss over den store interessa til arrangementet.

Onsdag 4. september gjestar eventyrar og ekspedisjonsleiar Jarle Andhøy Ishavsmuseet Aarvak i Brandal med foredrag.

Jarle Andhøy er ein godt kjent seilar og eventyrar med mange ekspedisjonar bak seg. Andhøy kjem frå Larvik. Allereie som 19-åring reiste han ut i verda med ein 27 fots Albin Vega. Seinare har det blitt mange ekspedisjonar både til havs og til lands og fleire bøker og tv-seriar om disse. Sist no i vår med tv-serien «Tangeruddampen».

22. februar 2011 vart Andhøy og resten av mannskapet erklært sakna etter at det vart fanga opp naudsignal frå seglbåten «Berserk». Det vart gjort fleire mislukka forsøk på å få telefon- og radiokontakt med båten, før Jarle Andhøy og 18 år gamle Samuel Massie kom seg i sikkerheit ved Scott-basen i Antarktis.

Jarle Andhøy vil snakke om sine polare ekspedisjonar på Ishavsmuseet. Desse er det fleire av:

Åleine rundt Kapp Horn: Dette var Jarle Andhøys første ekspedisjon. Målet var å segle rundt Kapp Horn utan hjelp frå nokon andre. Amerikaneren David Mercy mønstra på Berserk ved verdens ende, i Sør-Amerika og segla til Antarktis. Deler av seilasen har også blitt filmatisert.

Berserk mot Nordpolen: Besetninga på Berserk drog frå Oslo, innom Shetland og nordover mot Svalbard og Nordpolen. Alex Rosen som i fjor gjesta Ishavsmuseet med foredrag var mønstra som kokk på denne ekspedisjonen.

Berserk gjennom Nordvestpassasjen: Berserk segla i Nordvestpassasjen i dei norske polarheltane sine fotspor. Før denne turen var Albin Vega skifta ut med ein noko større seglbåt i stål kjøpt på dei vestindiske øyer.

Berserk på sydpolen: Jarle Andhøy saman med fire andre mann drog i februar 2011 på ein ekspedisjon mot Sydpolen.

Med desse ekspedisjonane har Andhøy rita namnet sitt inn i Norsk Polarhistorie, og Ishavsmuseet er svært stolte av å kunne ha han med foredrag om bord i ishavsskuta Aarvak.

Arrangementet er ein del av Brandalsdagane 2013, og i samarbeid med Brandal Vel. Og som Alex Rosen i fjor, får Andhøy æra av å opne Brandalsdagane.

Etter foredraget vert det servert selkjøtgryte i Ishavsmuseet.

Det vert førehåndssal av billettar på www.sjoborg.no

og på Ishavsmuseet.