VELKOMEN TIL BRANDAL-KONFERANSEN 2012

Ei Sunnmørsk idékonferanse for selfangstnæringa

Ishavsmuseet Aarvak 25. og 26. oktober

Dei store bestandane av sel er ein lite utnytta resurs, av kvota på 25 000 vaksne dyr, blei det berre fanga 4 prosent av kvota i år.

Brandal-konferansen vil først og fremst sette fokus på potensialet for innovativ nytenking innanfor fangst, produktutvikling og vidareforedling basert på sel som råstoff. Samstundes er auken av sel-bestanden ein trussel for andre næringar som fiskeri og oppdrett. Konferansen vil difor sjå på både moglegheiter og utfordringar som er knytt til ein berekraftig og internasjonal forvaltning av sel-bestandane.

Ishavsskutene har vore ein viktig del av den maritime klyngja på Sunnmøre, der det var utrusta opptil 50 skuter som alle var heimehøyrande i vår region. Mottaksanlegg på land har vi hatt i alle år, og framleis har vi anlegg for skinn og oljeproduksjon. Brandal-konferansen vil difor ta sikte på og synleggjere potensialet for at ei berekraftig skattlegging av dei store bestandane av Grønlandssel igjen kan verte ein liten del av denne klyngja.

Konferansen vert arrangert etter initiativ frå Ishavsmuseet Aarvak, formidling og dokumentasjonssenteret i Brandal, og Polargodt AS i Tjørvåg. Ishavsmuseet på Brandal omfattar blant anna landets største opplevingssenter for selfangst. Foreininga Ishavsmuseets Venner har over 600 medlemmar med unik interesse og kompetanse for selfangstnæringa. Polargodt AS har drive med produktutvikling og produksjon av sel-produkt sidan 1998. Dei er mest kjent for merkevara Polarolje, og har også fleire andre produkt innanfor kosttilskot for menneske og dyr.

For påmelding, ta kontakt med Ishavsmuseet Aarvak innan 19. oktober.

Tlf: 700 92 004 eller E-post: post@ishavsmuseet.no

Deltakaravgift kr. 950,- inkludert lunsj to dagar og middag torsdag. I tillegg blir det servert kaffi og kaffimat.

Velkomne til Brandal.

PROGAM FOR BRANDAL-KONFERANSEN 2012

TORSDAG 25. OKTOBER

10.00   Registrering

11.00   Velkomsthelsing ved Willy Nesset

11.10   Opning av konferansen, ved Fiskeri og Kystdepartementet (FKD)

11.30   Situasjonen i dagens selfangstnæring ved Arnfinn Karlsen

12.00   Oversikt over selfangstnæringa dei ti siste åra ved Atle Birkeland

12.30   Lunsj  

13.30   Moglege konsekvensar ved eit totalt bortfall av sel og kvalfangst ved Arne Bjørge

14.30   Kan ein definere sel og kval som ein trussel mot pelagisk sektor ved Tore Roaldnes

15.00   Pause

15.30   Konsekvensar for dagens plassering av oppdrettsanlegg ved ein eventuell ny      selinvasjon ved Fiskeri-og havbruksnæringas landsforeining

16.30   Pause

16.45   Forskinga på feitt og protein frå sel dei ti siste åra ved Livar Frøyland

            – Kva seier forskarane no?

17.15   Helsegevinstar ved inntak av selolje og kjøt ved Arnold Berstad

18.00   Omvising på Ishavsmuseet ved Harald Knudsen

19.30   Middag med underhaldning

ca 00.00 Buss til hotella

 

FREDAG 26. OKTOBER

09.00   Buss frå hotella til Ishavsmuseet

09.30   Oppsummering dag 1

09.45   Kva må til for å auke lønnsemda i selfangstnæringa ved Arnfinn Karlsen

            – Presentasjon av ferdige produkt

10.30   Korleis oppfattar opinionen ute Noreg i høve sel og kvalfangst?

11.00   Pause

11.20   Kva slags støtteordningar som kan vere aktuelle for tiltak og prosjektutviklingved           Louis Nordstrand

11.45   Paneldebatt

13.00   Avslutning med lunsj

Konfransier: Knut Arne Høyvik