Utleige av lokaler
Ishavsmuseet har spanande lokaler som høver godt til møte, kurs og konferansar. Vi har lang erfaring med alle typar arrangement og tilbyr også selskapslokale i unike omgjevnadar. Åremålsdagar, barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, minnesamvær og mykje meir. Du kjem til ferdig dekka bord og kan nyte dagen og konsentrere deg om dine gjestar. Vi er fleksible og kan lage til lokale som passar deg.

I andre høgda har vi eit konferanserom med det meste av utstyr du skulle ha behov for. Ut i frå dine behov kan vi lage til løysingar alt i frå 5 til 80 personar. (150 ved kino oppsett). Dette lokalet er lyst og lett, og kan også brukast til selskapslokale med fantastisk utsikt mot både Sunnmørsalpane og Breisundet.
I første etasje kan vi dekke til maks 120 personar.
Før – under eller etter selskapet, møtet eller konferansen, kan ein av våre guidar ta deg med på omvising rundt om i museet.
Etter ei slik omvising kan du gå til dekka bord i svært spesielle omgivnadar. Her pustar isbjørnen deg nærast i nakken når du spiser lunsj eller middag. Vi har teke vare på den gamle sjøbustilen inne i lokala, noko som gir selskapet ei svært spesiell atmosfære. Ishavsmuseet har eige kjøkken og kokk, og kan lage det meste av mat som kan freiste. Du er velkomen til å halde ditt arrangement på Ishavsmuseet.
Vi leverar også catering om du har andre lokaler til ditt arrangement.
Kontakt oss for tilbod.



