Trygve Nordanger

Dramaet i Nord Atlanteren. Åtte små skuter legg ut på oversegling til fangstfelta ved Newfoundland. Det er februar 1939, skutene er; «Isfjell» frå Tromsø, «Nyken» og «Saltdalingen» frå Gratangen. Frå Brandal går «Polarbjørn», «Polaris» og «Arktos». «Quest» og «Selis» gjekk ut frå Skånland. Lite viste dei om kva som skulle møte dei. Det bles opp til sterk storm, orkan, og båresjøen var større enn skipperane hadde sett det nokon gong før. Tre skuter forliser, ei av dei med 18 mann. «Polarbjørn», «Polaris» og «Drottningholm» gjer den heltebragd å sette ut fangstbåtar i det opprørte havet med bølgjer på over 20 meter, og ror til unnsetning. 38 mann vert berga frå det opprørte havet. Dette er historia om ei av dei store sjømannsbragder. Operasjonen med fangstbåtar høyrer til det utrulege. Men det var dette dei to skipperane på «Polarbjørn» og «Polaris» hadde blitt einige om å prøve.

Fin bok uten synlige bruksspor.