Gardsnamn i Ulstein

Av Johan Ottesen, 2016

Kva tyder namna Flø, Roppene, Ulstein, Skeide – og alle dei andre gardsnamna i Ulstein? Somme av desse namna er vanskelege å forstå. Det har difor gjennom åra vore presentert mange ulike løysingar på desse namnegåtene. I denne boka presenterer Johan Ottesen tolkinar som har vore gjorde av andre – før han kjem med sine eigne synspunkt.

Helsing frå forfattar til tidlegare eigar, elles er boka som ny.