Denne boka inneheld eit utval av artiklar frå dei første 10 åra med «Isflaket» Artiklane handlar ikkje først og fremst om skutene, men like mykje om folka som var med dei på selfangst, ekspedisjonar og overvintring.

Her kan du lese at også kvinnene til ei viss grad var med i dette mannsdominerte og farefulle miljøet. Og kvinnene heime – ishavskjerringane – er slett ikkje gløymde, dei som stelte hus og heim medan ektemennene var på ishavet.

Boka spenner over eit tidsrom på 100 år og dekkjer polarområda på begge halvkulene. Ho er rikt illustrert med nærare 200 foto, tekne av dei som var med.

Redaktørar: Finn Sindre Eliassen, Magnus Sefland og Gunnar Wiik.

316 sider.