Ishavsskuter II
Selfangarar frå Sunnmøre før 1920

Av Johan Ottesen, 2000

Ålesund og Brandal var dei dominerande sentra for selfangstnæringa på Sunnmøre. I byen var det eit sterkare innslag av handelsfolk på eigarsida enn på sunnmørsbygdene. I tillegg valde forretningsmenn frå andre stader i landet å stasjonere skutene sine i Ålesund. Dermed var det fleire ishavsskuter på nordre Sunnmøre enn på søre Sunnmøre dei første tiåra. I «Ishavsskuter» fekk vi historia til 43 skuter på søre Sunnmøre. I denne boka får vi historia til dei mange skutene som kom til Ålesund og nærliggjande bygder i pioneråra for den sunnmørske selfangsten. «Ishavsskuter II» omtalar i alt 53 selfangstskuter frå sjøsetjing til dei går ut av drift. Og dei fleste skutene avsluttar si historie med forlis på fangstfeltet.

Helsing frå forfattar til tidlegare eigar, ellers er boka som ny.