Kongen av Spitsbergen – Einar Sverdrups kamp for gruvene og mot Nazi-Tyskland
Av Svein Sæter

Einar Sverdrup (1895-1942) er ein av Noregs ukjende heltar og samfunnsbyggjarar. Han var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen – og byen sjølv – blei livsverket hans. Ingen ting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn. Kongen av Spitsbergen er ei bok om vilje, mot og pågangsmot. Hausten 1941 var Einar Sverdrup rasande då britane tvangsevakuerte Longyearbyen; alle menneska i ein norsk småby blei stappa om bord i krigsskip og sende til Storbritannia, medan byen og gruvene blei herja og husdyra slakta for fote. I mai 1942 leidde Sverdrup ein militær operasjon for å fri Spitsbergen frå Nazi- Tyskland. 13. mai 1942 omkom han og 13 medsoldatar, då ekspedisjonsskipet «Isbjørn» blei senka av tyske fly. Kongen av Spitsbergen er den første boka om Einar Sverdrup.