Polarkveld om polarpioner Trygve Gran
Fredag 20. mars kl. 19.00 er det ny Polarkveld på Ishavsmuseet, og denne gong får vi besøk av Hermann Gran som vil fortelje oss om far sin, Trygve Gran.
Trygve Gran deltok i si tid på Robert Falcon Scott sin Antarctica Expedition 1910 – 13 i kappløpet med Roald Amundsen om å verta først til Sydpolen.
Som ung mann vart Gran, som dei fleste andre ungdomar, fascinert av Fridtjof Nansens skiferd over Grønland, og ikkje minst etter eit møte med Ernest Shackleton som då nettopp hadde gjort eit framstøyt mot Sydpolen. Gran gjekk så langt med sin polarinteresse at han som 18/19 åring gjorde avtale med Skåluren om å bygge ei fangstskute som skulle bringe han til Sydpolen. Han fekk også gjort ein avtale med Carsten Borchgrevink om å nytte Cape Adare som base. Nansen fekk nyss i planane, og fordi Nansen også visste at Robert F. Scott alt nesten var klar til å segle sydover, råda han Gran til å verta med Scott som skiekspert.
Gran vart med som ski-instruktør. Med sine 23 år var Gran ekspedisjonens yngste deltakar. I november 1912 var Gran med i patruljen som vart sendt ut for å leite etter Scott og kameratane som dei fann døde. På vegen attende til basen brukte Gran Scott sine ski og bemerka i dagboka at i alle fall skia skulle fullføre heile ekspedisjonen. I Scotts telt fann dei også eit brev med beskjeden om at Roald Amundsen hadde nådd polpunktet først. Gran vart så beden om å ta med brevet heim til Kong Haakon i Noreg.
Etter Sydpolekspedisjonen lærte Gran å flyge, og tok sitt flysertifikat ved Louis Bleriots flyskole i Buc. Gran flaug 30. juli 1914 som den første over Nordsjøen, på 4 timer og 10 minutter frå Cruden Bay i Skottland til Revtangen på Jæren med et Blériot-fly. Flyginga var ei stor bragd, på linje med Blériots flyging over Den engelske kanal fire år tidlegare.
Gran var aktiv flygar i Britiske Royal Airforce (RAF) 1915 – 1919. I mai 1928 var Gran med å starte Norsk Aeroklubb. Roald Amundsen vart formann og Gran styremedlem. Då Amundsen forulykka med Latham i 1928 var Gran leiar for «Veslekari-ekspedisjonen». Ishavsskuta «Veslekari» søkte aust for Svalbard i to veker, men utan resultat.
Trygve Gran spelte elles ein del fotball under studieopphald i Sveits, og vart tatt med på Noreg sitt landslag i fotball då dei spelte den aller første fotball landskampen, mot Sverige i Gøteborg, 1908.
Herman Gran er pensjonist, men held frå tid til annan foredrag om fly/ polarhistorie, som den siste gjenlevande førstegenerasjon etterkomar etter dåtidas store polar- og flypionerar. Herman har arbeida som journalist/ tv-producer i NRK i nærare 50 år. Fredag 20. mars kjem han til Ishavsmuseet.
I kjend stil vert det servert middag etter foredraget, og denne gong står det boknasild og mjølkesupe på menyen. Påmelding for middag.
