Ishavets Grand Old Lady

Av Gunnar Myklebust, Johannes Alme og Webjørn Landmark

-Han va’ litt grapsen.

Så nøktern var veteranskipperen Kristoffer Marø etter å ha bakka med den nye skuta Polarstar i fleire døgn i uvêret utanfor Færøyane, på veg heim med full last på jomfruturen til Newfoundland i 1949.

-Litt grapsen, men ikkje slik at det gjorde noke’.

Det var turar då skuta stupte mot djupet i monsterbølgjene og mannskapet kjende seg «rimeleg sikker på at no fekk oss sjå han Gamle-Erik». Turar der det rulla og slingra så kompasset rista laus og stuerten song religiøse songar og forkynte at no måtte dei alle tenke på sin Gud – til lakonisk svar frå fangstfolka at jojo, men «oss får no prøve og kome oss gjønå desse sjøane først…»

Gjennom 70 år har slingreskuta Polarstar kome seg gjennom alle sjøar.

Ho var den første norske selfangaren bygd i stål. Kristoffer Marø og Martin Karlsen hadde ideen alt før andre verdskrigen. Det gjekk ti år før skuta var klar for selfangst. Det mangla ikkje på åtvaringar frå dei som sverja til tre. Polarstar fekk skeptikarane til å teie.

«Polarstar – Ishavets Grand Old Lady» har smakebitar frå skutas lange virke i og utanfor fangstsesongen. Dette er ikkje ein biografi over skuta gjennom 70 år, men levande skildringar frå mange spennande oppdrag, fortalt av dei som var med. Her er mykje kjærleik og dramatikk, eventyrlege minne og småpikante avsløringar.

I tillegg til meir enn 50 turar på selfangst, på Newfoundland og i Vesterisen, har Polarstar hatt populære år som sysselmannsskute, forskingsfartøy og turistbåt, frakta blåbær og agnsild, vore på oljeleiting og isbjørnteljing, frakta dynamitt i Mellom-Amerika og fotografert undervasskablar i Atlanteren. Her er det historier om helikopterkrasj i bakmasta og forskarar som ikkje respekterte privatlivet til elskande kvalross.

Boka er rikt utstyrt med mange tidlegare upubliserte bilete.

No er den første stålskuta blitt den siste. Etter restaureringa i Polen vil ho segle som eit varig minne om ei stolt nasjonal næring. 70 år gammal er Polarstar igjen kledd i si ungdoms drakt og like sjødyktig som nokon gong.

Star’en. Finnst det eit finare kjælenamn?