Alabama

EigarSeld til Danmark
FartytypeMotorjakt
ByggeverftVaraldsøy
Byggeår1888
Mål i lengde, byggeår66,7
Mål i breidde, byggeår20,5
Mål i djupne, byggeår7,9
Tonnasje56 brt
ForlistForlist ved Shannon, 1909
Utfyllande opplysningar

Reiste i 1909 med Dansk polarforskar Ejnar Mikkelsen til Aust-Grønland for å leite etter dagbøkene til Mylius Erichsen.

Forliste ved Shannon, fem av mannskapet berga etter overvintring av ”7de juni”, skipper Vebjørn Landmark, som kom frå overvintring på Aust-Grønland i 1910. Ejnar Mikkelsen og ein kamerat vart først berga av ”Sjøblomsten”, skipper Paul Lillenes i 1912.

Skipper Vebjørn Landmark på ”7de juni” fekk den danske stats fortjenestemedalje for redningsdåden. Denne heng i dag på Ishavsmuseet.