Alheim

Andre namnFri
Eigar1892 Ole K. Hareide, Elias E. Hareide, Hareid
1898 Ole K. Hareide, Hareid
1903 Andreas E. Røren og Stin E. Røren, Brandal
1916 Fredrik Vogt Svendsen og Anders Berset, Ålesund
1918 Fredrik Vogt Svendsen og Robert Hagelin, Ålesund/Borgund
HeimehamnBrandal
ByggeverftBygd av Bø-Iver" i strandlinja på Hareid"
Byggeår1892
ByggematerialTre
ByggeteknikkKlinkbygd
Mål i lengde, byggeår45,5 fot
Mål i lengde etter ombygging55,5 fot 1906
Mål i breidde, byggeår15,5 fot
Mål i breidde etter ombygging17,0 fot 1906
Mål i djupne, byggeår5,5 fot
Mål i djupne etter ombygging6,7 fot 1906
Tonnasje18,52 brt 1892
30,08 brt 1906
30,06 brt 1912
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1912 Alpha 4T, 28 hk.
Skipperar1893 Lars O. Brandal
1894-1903 Ole K. Hareide
1908-1912 Andreas Røren
1912-1916 Stin Røren
Ombyggingar Verft1906 Forlengd og ein del ombygd
Tidlegare namnFri
ForlistForlet Ålesund den 1. april 1920 og forsvann i Vestisen med 9 mann
AnnaModellen på bilde er bygd av P. Bakke Hareide
Utfyllande opplysningar

Bygd for fiske, og var første tur på torskefiske i 1893.

Første gong på ishavet i 1908.

1911: Andreas E. Røren var skipper. “Fri” blei kapra av engelskmennene og beordra til Kirkwal. Ja vel, sa skipper Andreas Røren og gjekk rett til Ålesund.

I 1913 “Fri” endrar dette året namn til “Alheim”. Ei forklaring på namnet skal vere Allheim som tyder verda / universet.

3. juli 1916 misser “Alheim” ein mann på overseglinga frå Grønland til Noreg. Skorsteinen på skuta måtte fjernast før storbommen kunne svingast over. Under arbeid med dette, på veg nedatt frå hyttetaket, kjem bommen susande, den slår av bommstopparen og seglet slår seg heilt over. Bommen trefte ein av karane i brøstet og feia han på sjøen. Truleg var han svimeslegen, han tok ikkje til bøya som vart kasta til han. Dei fekk raskt båt på vatnet, men han var ikkje å finne igjen.

  1. april 1920 gjekk “Alheim” frå Ålesund med kurs for Vesterisen. Det var det siste ein såg av skuta, “Alheim” forsvann utan spor med eit mannskap på 9.