Arctic

Eigar1912 A/S Skjærva, Ålesund. (Michael Knutsen)
HeimehamnÅlesund
ByggeverftSkaaluren skipsverft, Rosendal
Byggeår1912
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår88 fot
Mål i lengde etter ombygging95 fot
Mål i breidde, byggeår22 fot
Mål i djupne, byggeår9,3 fot
Tonnasje104 brt
105 brt
Maskin, orginaltBrunholmens MV, Ålesund 2 syl.comp 74 ihk.
SkipperarJohan Thorvik (1913-1915)
H. Rasmussen (1916)
Hans Slettebak
Godtfred Brandal, ved forliset i 1917, 28 år Brandal
ForlistForliste i katastrofen i Vestisen 8. eller 9. april 1917
Utfyllande opplysningar

”Arctic” var bygd for A/S Skjerva ved Michael Knutsen, ved Skaalurens skibsverft i Rosendal i 1912. Den var 88 fot lang og fekk ei tostegs dampmaskin på 74 ind. Hk. Denne maskina var bygd ved Brunholmens mek verksted og skuta fekk ei fart på 6,5 knop. «Atter har vor skibsflåte fåt en værdifuld forøkelse, som både den dristige reder og byen kan ha ære av», fortel Søndmørsposten etter prøveturen med «Arctic» i mai 1912. Få dagar etter gjekk den ut på sin første tur til ishavet.

Ulykkesåret 1917 forsvann ”Arctic” sporlaust etter stormen som rasa i Vesterisen 8. og 9. april utan at ein veit meir om kva som skjedde med båten og dei 12 i mannskapet som var om bord.

Meir om katastrofen i Vesterisen i 1917 kan du lese her: https://www.ishavsmuseet.no/fortellingar/paskemysteriet-i-vesterisen-1917/

 Dei som kom vekk var;

Godtfred Brandal, skipper.

Rasmus Østrem, Alf Nilsen, Ingvald Molvær, Ingvald Sulebakk, Ole Rise, Ole Leira, Sverre Bjåstad, Knut Visnes, Ruben Grimstad, Otto Moe og Laurits Scheldrupsen.