Blueback

Eigar1949 Alvin Olsen, Kalfjord i Troms
1959 Sigfred Heggås, Tromsdalen
1960 AS Rieber & Co, Tromsø
1976 Blueback Company Ltd. St. Johns, Canada (Sigmund og Ulf Snarby)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT-121-TD (1949)
T-121-T (1960)
HeimehamnTromsø
ByggeverftKvitnes slipp og båtbyggeri, Vesterålen - bygg nr. 1
Byggeår1949
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår61,4 fot
Mål i breidde, byggeår21,3 fot
Mål i djupne, byggeår8,6 fot
Tonnasje74,83 brt 1949
Maskin, orginaltUnion
Maskin, ny1955 Union 150 hk - 1965 Wichmann 300 hk
SkipperarJ. Larsen (1952)
AnnaTotalhavarerte i brann 1976
Utfyllande opplysningar

«Blueback» var første gong på selfangst i Vesterisen i 1949.

I 1951 på oversegling til Vesterisen brotna rorstamma og skuta vart utan styring. Det var stiv kuling i området «Ernest Holt», eit britisk havforskingsskip, var om lag to kvartmil borte, og ved hjelp av eit kanonslag fekk ein varsla dei om at dei ønska assistanse. Radioen på «Blueback» var i uorden. «Ernest Holt» fekk slepar om bord og slepte havarisen inn til Tromsø.

I august 1959 grunnstøytte «Blueback» ved Honningsvåg på veg frå Tromsø til Båtsfjord med last av tomkasser og is. Det vart gjort fleire forsøk på å drage den av igjen, men først på tredje floa lukkast dei ved hjelp av lokalrutebåten «Ingøy». Då hadde dei på fjøre sjø surra ei masse tomfat under skuta for auka oppdrift.

Hausten 1976 vert «Blueback» seld til Canada. Her vert den mest brukt på linefiske etter torsk. Ut på seinhausten vart skuta lagt i opplag i påvente av neste selfangstsesong. Medan den låg slik på hamna i St. Johns braut det ut brann om bord i skuta. Brannvesenet kom raskt til, men dei var redde for at brannen skulle spreie seg til dei mange trehusa på kaia, og «Blueback» vart difor slept ut av hamna og inn i sidefjorden Freshwater Bay. Rett etter kom ein kraftig eksplosjon, truleg frå gassflasker som var om bord, og skuta sokk så ganske fort.