Cecilie Malene

EigarP. Hanssen & Co., Tromsø
Magnus Arnesen, Tromsø,
P.L Wilhelmsen og Ole Næssø, Tromsø
Fartytypejakt
HeimehamnTromsø
ByggeverftBergen
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår57,8 fot
Mål i breidde, byggeår18,7 fot
Mål i djupne, byggeår6,7 fot
Tonnasje41 brt
Maskin, ny1918 Hein 22 hk
SkipperarJohan Kjeldsen (1867)
Søren A. Johannesen (1870)
Gregus Larsen (1881)
Magnus Arnesen (1882-1897)
Ole Næssø (1897-)
Theodor Pettersen (1907)
Oskar Grødahl (1908)
Utfyllande opplysningar

I 1882 leigde franskmannen Carles Robot og engelskmannen A.H. Cocks skuta for ein vitskapeleg ekspedisjon til Spitsbergen. I 1883 er den på nordkysten av Edgøya. Her skaut dei ein del merka og kastrerte reinsdyr, som truleg stamma frå dei dyra som rømte frå Nordenskiold 10 år tidligare.

I 1885 berga «Cecilie Malene» mannskapet på «Enigheten» av Kristiansund, og i 1889 reddar dei Kucenthal og Walter-ekspedisjonen. Ekspedisjonen hadde leigd Nils Johnsens «Bertine». Forliset fann stad på Aust-Spitsbergen ved Russeøyane.

I 1898 gjekk «Cecilie Malene» frå Tromsø til Spitsbergen og Novaya Zemlya seint i april, og retunerte til tromsø 26. september med ein fangst beståande av:  38 kvalross, 442 sel, 6 isbjørn og 101 tønner med spekk. 

I 1900 går «Cecilie Malene» ut 23. april til Vesterisen. Då dei kjem heim 29. august har dei kurs frå Nordaust-Grønland. Fangsten består av 44 døde og 4 levende moskus, 3 levende isbjørn, 7 kvalross og 65 tønner med spekk. Moskusane vert selde til London Zoo for 18.000,- Kr. Ein svært stor sum den gongen!

 

LitteraturGunnar Isachsen: "Norske Fangstmænds Færder til Grønland"