Elsa Helèn

Andre namnGrieg 1909 -
Eigar1920 Øyvind og Jens K. Johansen, Finnsnes
1937 Halfdan Pedersen og Jens K. Johansen
1942 Artur Willhelmsen
Reg. merkeT-69-LK (1920)
T-50-T (1942)
HeimehamnTromsø - Lenvik
ByggeverftSalten
Byggeår1909
Mål i lengde, byggeår47 fot 1920
Mål i lengde etter ombygging45,1 fot 1948
Mål i breidde, byggeår16 fot 1920
Mål i breidde etter ombygging16,3 fot 1948
Mål i djupne, byggeår6 fot 1920
Mål i djupne etter ombygging6,9 fot 1948
Tonnasje27,30 brt 1948
Maskin, orginaltBolinder 15 hk
Maskin, ny1948 Munktell 45 hk
Ombyggingar Verft1948 ombygd, påbygd bakk og halvdekk, nye hus på dekk, nye spant mellom dei gamle, ny hud og ishud.
Tidlegare namnGrieg - Elsa
Kondemnertkondemnert etter havari 1953
Utfyllande opplysningar

«Elsa Helèn»

Det skulle gå 40 år frå den var bygd før «Elsa Helen» gjekk ut på selfangst. Dette hende i 1949 og turen gjekk til Austisen og Nordisen der fangsten var 346 sel. Før den gjekk på fangst var den gjennom ei ombygging i 1948 der den fekk nye spant inn i mellom dei gamle, og den fekk ny hud og ishud. Den var elles sterkbygd og vart mellom anna brukt til steinføring mellom Tromsø og Alta.

I 1950 gjekk skuta to turar i Nordisen og samla fangst vart 632 sel, 112 storkobb, 5 levande og 7 døde isbjørn.

I 1951 er det først ein tur i Austisen med fangst av 270 sel, deretter i Nordisen der dei fangsta 170 storkobb, 1 blueback og 4 døde isbjørn.

Men det skulle ikkje verte mange ishavsturar på «Elsa Helen». 23. juni 1953 var skuta på kvitfiskfangst ved Svalbard. Dei får storm og søker inn Van Keulenfjorden. Her ankra dei i ei lita bukt innanfor Alstrandodden, om lag 100 famnar frå land. Neste morgon gjekk vinden mot vest og skuta vart førd over bukta, med 25 famnar kjetting ute. Midt på dag den 24. juni merka mannskapet at skuta tok botn når sjøen fall. Maskina vart straks sett i gang, og dei heiv på ankeret, men dei lukkast ikkje med å få skuta av. Nytt forsøk vart gjort på neste flo, men heller ikkje då fekk dei den av. No hadde skuta også begynt å ta inn vatn, og lensene greidde ikkje å halde unna. Sjøen stoppa til slutt maskinen. «Noris» kom til å tok med mannskapet til Longyearbyen. Men skuta forliste ikkje, og i august 1953 vart bergingsbåten «Havørnen I» send til staden, dei pumpa den tom og slepte den inn og fekk den på land på Hotellneset ved Longyearbyen. Assurandøren sende folk opp der og tetta skuta, og etter utført jobb meinte dei at dei hadde gjort jobben sin og ville overlate skuta til eigarane igjen. Våren etter vart «Elsa Helen» fylt med tome oljefat og slept til Tromsø. Første taksten slo fast at båten var i god nok stand for reperasjon. Men eigar protesterte og nye takstfolk kom inn, og desse kondemnerte skuta.