Eskimo

Eigar1949 P/R Eskimo, Bernt Marø og Erling Breivik
1952 Bernt Marø
1961 Borgund Sparebank
1961 Elling Aarseth & Co. A/S
1975 Brødr. Sørensen AS, Stathelle
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM-58-B (1949)
M-64-A (1961)
HeimehamnBorgund - Ålesund
ByggeverftBrastad Skipsbyggeri, Brattvåg
Byggeår1949
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår105,8 fot
Mål i breidde, byggeår23,6 fot
Mål i djupne, byggeår11,3 fot
Tonnasje152,59 brt 1949
Maskin, orginaltCrossly 375 hk (1943 mod)
Maskin, ny1966 Alpha 6 syl. 595 bhk
SkipperarBernt Marø
Bernt A. Brandal
Angel Brandal
KondemnertKondemnert 1975
Utfyllande opplysningar

I avisomtalen etter sjøsettinga av «Eskimo» i oktober 1948 vert det gjort eit stort poeng av at Lally Marø har døypt «Eskimo» i ekte Champagne. Dette var nemleg ikkje vanleg kost for sunnmøringane når båtar skulle døypast. Då brukte ein helst av dei billigare boblene.

Første turen sin på selfangst fekk «Eskimo» til Newfoundland i 1949. Turen enda med 6600 sel til ein verdi av 250.000,- Dei komande sesongar gjekk ein vekselvis til Newfoundland og Vesterisen. I 1950 var dei også på Newfoundland og fanga vel 8000 sel. Dei kom heim allereie 7. april, og gjorde klart for tur nr. 2. Denne turen hadde dei berre 700 sel og 1 isbjørn. Året etter er dei i Vesterisen og leverar om lag 3200 sel, før dei seinare går i danskestredet der dei fanga 2200 klappmyss og 1 levande og 1 død isbjørn.

«Eskimo» dreiv også sildefiske, og i januar 1958 kjem dei til assistanse då fiskebåten «Perodd» har fått nota i propellen. «Eskimo» sleper dei i ni timar inn til Ålesund.

I 1961 skifte skuta eigar og den går hjennom ei fornying. Mellom anna legg dei stålplater utanpå ishuda.

I 1965 kjem «Eskimo» til då «Kitak» får problem på heimtur frå Vesterisen. Dei hadde fått ei mindre lekkasje, men hadde stor tru på at dei skulle kunne halde skuta lens på turen heim. Men for å vere sikre bad dei «Eskimo» om å halde seg i nærleiken på overfarta. Men 7. mai makta ikkje lenger pumpene å halde «Kitak» lens og mannskapet måtte gå i båtane og kom seg over på «Eskimo».

I 1966 skifta skuta maskin, og fekk montert kraftblokk.

Ut på hausten i 1975 vert skuta seld til Stathelle for å bruke maskina i annan båt. Men den viste seg i dårleg forfatning. Skuta vart søkkt ved ei sagbruksfylling i Stathelle.