Godøy



Eigar | 1920 Elling O. Gotten, Ålesund 1924 A/S M/S Godøy (Elling O. Gotten, N.L. Giske, Edv. Leira, Edv. Skutvig og Olaf G. Muren) 1928 Gostorg Arkangelsk, Russland |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | M 188 A |
Heimehamn | Ålesund |
Byggeverft | Edvard Stenødegård båtbyggeri, Remmemsvik, Vestnes |
Byggeår | Ferdig i 1923 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 99,8 fot |
Mål i breidde, byggeår | 21,8 fot |
Mål i djupne, byggeår | 9,9 fot |
Tonnasje | 147,56 brt 67,87 netto |
Maskin, orginalt | Bolinder 160 hk |
Skipperar | Severin Hessen (1924) Peder Andresen (1925-1928) |
Anna | Seld til Russland i 1928 |
Utfyllande opplysningar | Første gang på selfangst i 1924. I 1925 gjorde «Godøy» ein rask tur i Kvitesjøen og kom heim med ein fangst av 3600 sel. Dei ville gå ein tur til, men denne skulle verte ein lang tur med dårleg fangst. Fangsten i Kvitsjøen vart dårleg og «Godøy» gjekk difor nordover forbi Kolgujev til vestsida av Novaja Semlja. Så følgde di iskanten nordover og litt vestover til Hopen og deretter vidare til Vesterisen. Fangsten her var også dårleg, og turen gjekk difor vidare til Danskestredet og heilt sør til Kapp Løvenørn. Heile denne fangstturen varte i to og ein halv månad, og då dei kom heim var fangsten berre 1634 sel. I 1927 Hadde «Godøy» igjen ein god tur og leverte 5300 dyr frå Kvitsjøen og seinare i sesongen 3050 klappmyss frå Danskestredet. Dette skal ha vore største fangsten som var levert frå Danskestredet så langt. |