Gunhild

Eigar1895 Marius Fugleberg
1898 Ole S. Brandal, Johan H. Brandal, Brandal
1906 Ole S. Brandal og Peter S. Brandal
1926 A/S Søndmøre Sælfangere, Brandal
1932 Brandal Sildeoljefabrik, Brandal
1973 Oddbjørn Fedje og Jan-Erik Hoff, Ålesund
FartytypeGaleas
Reg. merkeM 79 HD
HeimehamnBrandal
ByggeverftGravdals skipsbyggeri, Halsnøy
Byggeår1895
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår52,2 fot
Mål i lengde etter ombygging1906, 61,1 fot - 1934, 62,9 fot
Mål i breidde, byggeår17,5 fot
Mål i breidde etter ombygging18,4
Mål i djupne, byggeår6,5 fot
Mål i djupne etter ombygging7,3
Tonnasje28 brt
46 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1938 Deutz diesel - 1953 Union 100 hk
SkipperarJohan H. Brandal (1898-1905)
Knut Olsen (1906-1907)
Anders O. Lillebø (1908-1910)
Johan P. Brandal (1911-1913)
Karl Lillebø (1914)
Alfred Gamst
Johan Kr. Brandal
Laurits S. Brandal
Ombyggingar VerftVinteren 1905/1906 vert den forlengd til 61.1 fot.
Hjørungavåg Verksted 1933, nye dekksbjelker og delvis ny hud. Dekket blei reparert og skuta fikk også nytt overbygg.
AnnaSakk på hamna i Ålesund, seinare senka på djupt vatn, nord for Flatholmen.
Utfyllande opplysningar

“Gunhild” blei bygd på Halsnöy i Sunnhordland. I Gravdalsboka er byggeåret oppgitt til 1893. I skipsregistret står 1895.

“Gunhild” var for første gang på selfangst i 1903. Dei kom attende i juli, og etter at fangsten var lossa gjekk dei på ny tur til andre fangstfelt. I Søndmøre Folkestidende kan vi lese: “Brandølingerne er dygtige sjøfolk, som ikke lægger sig på ladsiden. For kort tid siden kom skøite “Gunhild” fuldlastet med sæl fra ishavet. Så snart den havde losset og gjort sig klar stod den atter ud gjennem Bredsundet; denne gang for at søge efter sild i Nordsjøen, og “Gunhild” var heldig, som vanlig. Den er nemlig kommet ind efter 8 dages tur fuldlastet med sild. Og nu er den på farten igjen for at hente mere. “Gunhild”s mandskap vil ha et vakkert fangstudbytte for sommeren.”

Berga mannskapet på “Prins Olaf” ved forlis i Vestisen 1905.

I 1906 gjorde “Gunhild” to turer i isen. Den første turen det året då ho samfangsta med fire andre skuter, var ein av dei kortaste fangstturane nokosinne frå Sunnmøre. Dei fem skutene – “Havfruen”, “Sjøblomsten”, “Rapp”, “Isrypen” og “Gunhild” – segla saman frå Ålesund den 28. april og alle kom heim med full last allereie den 23 mai.

Var i 1914 siste selfangar frå Sunnmøre med berre segl til framdrift. Var ikkje i isen etter dette. Skuta hadde ulike frakteoppdrag, og blant anna brukt til å frakte stein til kaia ved Brandal Sildeoljefabrikk, og fleire av dekksbjelkane var skada, dekket nedsunket på nokre plassa og “Gunhild” var totalt sett rett nedsliten. I 1933 blei “Gunhild” grundig reparert i Hjørungavåg. Då vart den dessutan forhøyd omlag ein fot akterut, samtidig som ho fekk fleire nye dekksbjelkar og delvis ny hud. Dekket blei reparert og skuta fekk også nytt overbygg. Brukt til fraktebåt, og gjekk fast i frakt med selskinn frå Brandal til Rieber i Bergen.

Laurits S Brandal blei den siste brandalsskipperen på “Gunhild”. Han fikk dessuten den lite stimulerende oppgaven i 1973 å overlevere skuta til nye eiere. Dei brukte “Gunhild” til taresanking og litt i fraktfarta.