Haakon

Eigar1906 P/R Svein Eggesbø, Peter Hauge, Kristoffer Moltu og Sigvald Hansen Moltu, Eggesbønes
1909 Sigurd Nordberg, Tromsø
1922 Tromsø Handels og Privatbank AS
1925 Alfred Sivertsen, Tromsø
1925 Rikard Karlsen, Sultindvik
Fartytypekutter
Reg. merkeT-51-TD 1920
T-6-T 1925
HeimehamnHerøy - Tromsø
ByggeverftGravdal skipsbyggeri, Opsanger, bygg nr. 123
Byggeår1906
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår64,2 fot
Mål i breidde, byggeår17 fot
Mål i djupne, byggeår6,9 fot
Tonnasje39,61 brt 1906
Maskin, orginaltAlpha motor 16 hk
Maskin, ny1915 Grei-motor på 52 hk - 1929 Laval-motor 70 hk
SkipperarJens Olsen (1930)
AnnaForsvann sporlaust i Vestisen 1933 med heile mannskapet
Utfyllande opplysningar

Bygd som fiskebåt, seinare ombygd til også å vere ishavsskute.

Berga i 1928 mannskapet på ishavsskuta «Hein 1» som forliste i Nordisen 8. juni.

Brakte Cambrigde Spitsbergen Expedition til Billefjord 1930

Gjorde rekorfangst i Kvitsjøen i 1932. Då skuta kom laus etter å ha vore fastskrudd lenge, enda dei midt i eit selkast stort nok til å fylle skuta fleire gongar.

I 1933 hadde firma S. Sivertsen & Co. leigd skuta for fangst i Vesterisen. «Haakon» heldt lag med Hammerfestskuta «Veiding». Påskestormen kom som vanleg til Vesterisen, og den 9. april bles det opp til storm. Då kom skutene bort frå kvarandre, og etter dette såg ein ikkje meir til «Haakon». Då skuta ikkje kom heim til venta dato, vart selfangaren «Isbjørn 1» sendt ut på leiting. Dei kunne ikkje finne spor etter skuta korkje i Vesterisen eller Danskestredet. «Isbjørn 1» hadde radiokontakt med fleire andre fiske og fangstfarty som dreiv i området ved Jan Mayen og Island, men ingen av dei hadde sett eller hørt noko av dei. På bakgrunn av dette vart det konkludert med at «Haakon» med heile mannskapet på 11 mest truleg forliste i orkanen som kom 9. april.

Dei som kom vekk med «Haakon» var:

Olaf Eriksen, Halfdan Hansen, Henrik Håvold, Johan Rødsand, Olaf Jørgensen, Jens Johansen, Sverre Hansen, Ingvald Olsen, Aksel Hansen, Kristian Andreassen og Ebert Olsen.