Hercules

Eigar1908 Knut Olsen
1908 A/S Elf, H.W. Sundt, Kristiania, S.Th. Sverre, Kristiania
1911 Seld til Russland (Vladimir Aleksandrovic Russanov)
FartytypeGaleasrigga motorkutter
HeimehamnÅlesund - Kristiania
ByggeverftKnut Skaaluren - Rosendal
Byggeår1908
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår73,6 fot
Mål i lengde etter ombygging77 fot
Mål i breidde, byggeår19,6 fot
Mål i djupne, byggeår8,6 fot
Tonnasje63,42 brt
Maskin, orginaltAlpha 16 hk
SkipperarKnut Olsen (1908-1911)
Aleksander Kutsjen (1912 på ulykkesturen)
AnnaForsvann ein gong i 1912-13 ved Novaja Semlja
Utfyllande opplysningar

Første gang «Hercules» var på selfangst var i 1908, og vidare på fangst kvart år til 1912, alle åra med Knut Olsen som skipper. I 1912 måtte dei avbryte fangsten med 900 dyr ombord då dei fekk skade på propellakslingen. Meininga var å gå på ny tur, men få dagar etter heimkomsten vert skuta seld til Vladimir Aleksandrovic Russanov. Russaren utrusta skuta for ein vitskapleg ekspedisjon til Svalbard og vidare austover. Dei utforska kolførekomstar på Svalbard og gjekk sidan til Kapp Zejanija, nordspissen av Novaja Zemlja. Sidan høyrde ein aldri meir frå ekspedisjonen. Gunnar Holmsen var truleg den siste som hadde kontakt med dei på Svalbard. Han skal ha snakka med V. A Rusanov og Rudolf L. Samoilivitsje på Svalbard i August. Hercules besøkte då Svalbard dit dei kom med en russisk ekspedisjon 3. juli med 12 deltakarar. I følge Leonid Breitfuss, så tyder gjenstandar, som blei funne etter «Hercules» forlis, på at skuta har gått ned med 12 besetningsdeltakarar i vest Sibir ein gong i 1912-1913.

Ekspedisjonen skulle vare 2-3 år, og derfor inga leiting i 1913. I 1914 vart det leiting med norsk bark «Eclipse» med kaptein Otto Sverdrup, men denne var resultatlaus.

I 1921 gikk den norske fangstskuta «Heimen», med kaptein Lars Jackobsen, ut på leiteaksjon langs Sibiri-kysten og leita etter Paul Knutsen og Peter Tessem som var sakna etter å ha forlete «Maud» under Amundsens ekspedisjon. Lars Jackobsen og tolken Alfred Karlsen fann då utstyr som dei trudde kunne ha kome frå Tessem og/eller Knutsen, men dei visste ikkje då at dei hadde funne «Hercules» ekspedisjonen. 

I 1934 vart delar av eit vrak funne som viste seg å stamme frå «Hercules». Funna vart gjort på Miniskjæret i Kara Havet.

Meir om denne ekspedisjonen kan du lese i denne utgåva av Isflaket: https://www.ishavsmuseet.no/wp-content/uploads/2020/05/isflaket2009_02.pdf

LitteraturDmitrij Sjparo & Alexander Sjumilov: "Tre arktiske mysterier". Vollan: Ishavsfart