Hisken

Andre namnIsod
Eigar1907 Alb. Gundersen, Espevær, Berner Garvik, Espevær, Ole Martin Olsen, Hiskjo, og C.S. Haaland, Hiskjo.
1911 G.C. Rieber & Co. AS, Gundersen, Garik, Olsen og Haaland
1919 Espevær Fangst og Fiskeriselskap, Espevær
Reg. merkeH-17-BO (1920)
ByggeverftVaraldsøya
Byggeår1907
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår68,6 fot
Mål i breidde, byggeår19,6 fot
Mål i djupne, byggeår8,2 fot
Tonnasje60,96 brt 1907
61,64 brt 1914
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny36 hk Activ-motor, 1914 - 1918(?) Skandia 60 hk.
Ombyggingar Verft1918 (?) ombygd, ny motor maskinrom, mannskapslugar og styrhus utvida.
ForlistForliste på sildefiske 23. august 1926
Utfyllande opplysningar

Under fangst i Vesterisen i 1913 går fire mann i fangstbåten og skal ta seg fram til eit klappmus-kast. Det var det siste dei såg av karane. Det var tjukk skodde i området og frå skuta forsvann dei fort ut av syne. Det vart nytta både skot og tåkelur gjennom heile natta for at karane skulle finne attende til skuta, men dei kom ikkje. Skuta heldt seg i området og leita etter fangstbåten i 18 døgn, men det var ikkje det minste spor å finne etter korkje båt eller mannskap. Dei som var sakna var hjørundfjordingane Hans Kristoffer Skaar og broren Bernt Hilmar Skaar, og Jetmund Trandal. Siste mann var Ole Olsen frå Rygge.

På vårparten i 1918 endrar skuta namn til «Isod».

Under selfangsten i 1919 heldt to av mannskapet på å pusse gevær i lugaren då det brått gjekk av eit skot som råka Adolf Søvik. Han døydde kort tid etter. Skuta sette då kursen heim med ein fangst på 120 sel.

Skuta grunnstøytte å sokk under sildefiske ved Island 23. august 1926. Heile mannskapet greidde å ta seg inn til land.