Hulda

Eigar1889 Severin L. og Laurits S. Brandal, Brandal
1891 Severin L. Brandal, Laurits S. Brandal, Peter S. Brandal og Rasmus J. Brandal
1907 seld til Finnmark
1912 Cæsar Kræmer og Peder Pedersen
Fartytypeskøyte
Reg. merkeT 56 T
HeimehamnBrandal - Tromsø
ByggeverftMads Trondsen, Ålesund
Byggeår1889
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår46,9 fot
Mål i lengde etter ombygging53,4 fot
Mål i breidde, byggeår15,3 fot
Mål i breidde etter ombygging15,7
Mål i djupne, byggeår6,5 fot
Tonnasje29 brt
33 brt etter ombygging
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1911 Bolinder 20 hk
SkipperarSeverin L. Brandal (1890-1904)
Laurits Brandal
Rasmus J. Brandal
Sigvald S. Brandal (1904-1905 og 1907)
Elling J. Bjåstad (1906)
Hagbart Kræmer (1919)
Ombyggingar Verft1905 forlengd og oppbygd
ForlistForliste 29. november 1921.
Utfyllande opplysningar

Rett etter at skøyta var ferdig i 1890 drog den på fiske til Finnmark. Dette var årvisst frå den var ny til den vart seld i 1907. Etter ombygginga i 1905 var “Hulda” på selfangst som siglar i 1906 og 1907.

Kantra og sokk på Lopphavet på reise Ullsfjord-Finnmark lasta med ved både på dekk og i rommet.  Skuta vart sett om dagen med høg dekkslast, og vart funnen om kvelden med kjølen i veret. Det var storm i området. Mannskapet på to var borte. 16. desember fann ein fangstbåten til “Hulda” delvis sundslegen og full av vatn.