Hvalrossen (II)

Andre namnGjegnalund (1912)
Eigar1912 A/S D/S Gjegnalund, Gloppen (Ole Hestnes)
1916 A.C. Norman og A. Gjørven, Ålesund
1918 A.C. Normann, Ålesund
1924 Berhard M. Thalberg, Ålesund kjøpt for kr. 65.000,-
1927 Aksel Holm, Ålesund
1927 L/L Ørstingen (Konrad Nerheim m.fl)
1931 Oluf Holm AS, Ålesund Kjøpt for 35.000,-
1933 DS Hvalrossen, Hareid. (Paul Lillenes, Andreas Moltu, Axel Holm, Tjørvåg, Ålesund)
1939 A/S Hvalrossen (Bjørn Øvrelid) Hjørungavåg kjøpt for kr. 52.000,-
1959 A/S Polarstrøm (Bjørn Øvrelid) Hjørungavåg
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 139 A (1920)
M 24 Ø (1927)
M 171 A (1932)
M 35 HD (1939)
HeimehamnHjørungavåg
ByggeverftGunvald Ottesen, Sagvåg, Stord
Byggeår1912
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår105,9 fot
Mål i lengde etter ombygging112 fot
Mål i breidde, byggeår23,6 fot
Mål i breidde etter ombygging24,5 fot
Mål i djupne, byggeår10 fot
Mål i djupne etter ombygging11,1 fot
Tonnasje146,30 brt 1912
175,15 brt 1950
Maskin, orginaltMjellem & Karlsen 130 hk damp
Maskin, ny1946 Wichmann 300 hk - 1955 Wichmann 6 syl. 600
SkipperarOle Hofseidet (1906-1916)
Martin Sulebust (1918)
Peder E. P. Brandal (1920)
Peder Runne Brandal (1919-1922)
R. Otnes (1923)
Paul Lillenes
Osvald Lillenes
Ole Lillenes
Bjørn Øvrelid
Norvald Liavåg (1953-)
Kåre Øvrelid (1963-)
Ombyggingar Verft1946 forlengd
1950 Ombygd på Bolsønes, fekk no kryssarform
1963 Ombygd for kraftblokk
Tidlegare namnGjegnalund
KondemnertKondemnert og senka ved Voldshammaren 1970
Utfyllande opplysningar

Første gong på selfangst i 1916.

Bergar i 1926 mannskapet på “Staalis” som hadde forlist i Danmarkstredet 11. juli. “Hvalrossen” hadde fått øydelagd roret i same stormen.

Deltok 1929 i Lars Christensen sin freistnad på å annektere Victoria-øya saman med D/S “Thorsnes”. Freistnaden mislukkast grunna isforholda, og “Thorsnes” fekk også motorproblem, og båten lak. “Hvalrossen” set nokre av mannskapet ombord og hjelper dei med lensing, før dei tek på slepar og sleper dei til Tromsø der dei kom fram etter 9 døgn. NSIU-geologen Gunnar Horn var ombord i “Hvalrossen”, det var også Hjalmar Riiser Larsen.

På veg til Kvitsjøen i 1930 er det snøtjukke då dei er i Finnsnesrenna. Dei går med sakte fart og då veret letna styrer dei inn i blank sektor, men på veg dit gjekk dei på grunn. Morgonen etter kjem “Stærkodder” og dreg dei av. Komne i Kvitsjøen får dei ei alvorleg skade i baugen og dei frykta for havari. Men dei klarte å reparere og kome seg ut av isen.

“Hvalrossen” driv selfangst og sildefiske kvart år fram til 1967 då båten er sliten og vert kondemnert ogsøkkt i Voldsfjorden.