Isblomsten

Andre namnGraasælen
Eigar1917 Fugleberg og Tøsse, Ålesund
1925 A/S Graasælen, Ålesund (Magnus Hoff, Emmy Hoff, og Chr. Møller)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 14 H
M 177 A
HeimehamnÅlesund
ByggeverftLars Brastad Skipsbyggeri, Vestnes
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår88,1 fot
Mål i breidde, byggeår22,1 fot
Mål i djupne, byggeår9,3 fot
Tonnasje114,27 brt 1917
Maskin, orginaltA.M Liaaen MV 2 syl. damp 100 hk
SkipperarIsak Remø (1918)
Johan Melbø
ForlistForliste under fangst i Austisen 20. april 1929
Utfyllande opplysningar

Første gang på selfangst i 1918.

I 1923 vert «Isblomsten» liggande fast i over ein månad i Kvitsjøen. Då isen endeleg sleppte taket 20. april var skuta omlag 20 kvartmil nordaust av Gorodetsky fyr. Dei går nordover langs kanten til Kapp Kanin, og tilbake i sørvestleg retning inn i isen. Dei går seg faste isgjen og vert liggande i 4 dagar. Då dei vert lause kryssar dei vidare i isen for å sjå etter fangst, og vert igjen faste den 5. mai og vert liggande fast til den 14. mai. Men etter berre to dagar er dei faste igjen. Då isen sleppte taket igjen 18. mai byrja dei straks å gå, men etter eit par timar slår dei av propellen mot ein isknulter. «Istind» var i nærleiken og kom til og slepa dei ut av isen. Der i frå sigla «Isblomsten» til Vardø.

I 1925 skifar skuta namn til «Graasælen» då AS Graasælen kjøper skuta.

I 1929 går skuta seg fast i isen 15 kvartmil av øya Morovets. Ut på dagen slakna isen og skuta kursar mot aust. Men klokka 17 byrja isen å sette saman att, og det vart kraftig skruing, og skuta får slagside. Babord side vert broten inn, og styrbord side vert prassa opp på isen. Dekksbjelkane midtskips knekk og skuta vert heilt vridd. Det er ikkje snakk om å klare å berge den, i løpet av få minutt står vatnet over dørkane og i løpet av ei time er skuta full. «Kap Flora I» ligg ei kvartmil borte og dei dreg med seg litt utstyr å går på isen for ei mogleg berging med dei. «Kap Flora I» hadde sett kva som var på gong og sende folk over til hjelp. Då det lysna av dag 21. april var «Graasælen» gått ned og mannskapet kom seg over i «Kap Flora I». Etter å ha blitt flytta mellom mange skuter kom dei heim vel ein og ein halv månad seinare.