Isrypa

Eigar1950 Johs. Brynjulfsen Slettmo og Bernhard Slettmo, Balsfjord
1968 Erling Nilsen, Ramfjord
1973 Nils Olsen, Tromsø
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT-55-B (1950)
T-584-T (1968)
HeimehamnBalsfjord - Tromsø
ByggeverftEdward Stenødegård, Vestnes
Byggeår1949
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår58,8 fot
Mål i lengde etter ombygging60 fot
Mål i breidde, byggeår17,7 fot
Mål i djupne, byggeår9,4 fot
Tonnasje43,13 brt 1949
50 brt
Maskin, orginaltUnion 55 hk
Maskin, ny1952 Union 100 hk - 1966 GM 242 bhk
SkipperarRolf Richardsen
Ombyggingar VerftCa 1970 nytt styrehus
1973 fjerna ishuda, rigga ned til reketråling
AnnaSterkt skadd i brann 19. juni 1973
Utfyllande opplysningar

«Isrypa» gjekk sin første tur på selfangst i 1950 til Austisen. Dei leverte 1201 sel til ein verdi av 48.000,- kr. på ein kort første tur som varte i tre veker, og gjekk på ein tur til og fangsta då 1276 sel til ein verdi av kr. 42.000,-

I 1955 måtte «Isrypa» bryte av fangsten litt tidlegare enn planlagt og å assistere skuta «Blåsel» som hadde brote mellomakslingen. «Isrypa» slepte «Blåsel» attende til Båtsfjord, i skiftande vêr der sleparen slitna 5 gongar. «Isrypa» leverte 1000 sel til ein verdi av kr. 48.831,- Dei gjekk ut på tur nr. 2 den 6. mai, også då til Austisen, og kom heim med 1622 sel til ein verdi av kr. 62.400,- den 1. juni.

I 1956 hadde skuta sin siste tur på selfangst og fangsta 1202 sel til ein verdi av kr. 68.000,- Etter dette vart båten brukt til fiskeri og rekefiske. Det var under rekefiske at båten tok fyr og brann ut ved Svalbard 18. juni 1973. Mannskapet teke opp av reketrålaren “Nøstvold”