Isrypen

Eigar1906 Johan H. Brandal, Brandal
1916 P/R Einar Moene, Nils Hølstø og Anders Berset, Ålesund
FartytypeSelfangar
HeimehamnBrandal
ByggeverftBrunchorst & Dekke, Bergen
Byggeår1906
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår66,4 fot
Mål i lengde etter ombygging75,8 fot
Mål i breidde, byggeår20,2 fot
Mål i djupne, byggeår9,6 fot
Tonnasje57,51 brt
75,55 brt
Maskin, ny1908 dampmaskin 50 ihk
SkipperarJohan H. Brandal (1906-1912)
Knut Vartdal (1913-14)
Gottfred O. Brandal (1915)
Karl J. Lillebø (1916)
Hans Myrvågnes (1916 ved forliset)
Ombyggingar Verft1908 Innsett motor
1915 forlengd til 75,8 fot
ForlistForliste 27. desember 1916
Utfyllande opplysningar

I følge Bergens Tidende som skreiv om bygginga av «Isrypen» i 1906, så var skuta bygd med hud av mahogni.

Den var første gong på selfangst i 1906, og var særs heldig med turen. Knut Vartdal, som var fangstmann på «Havfruen» i 1906, fortel:

Den 28. april 1906 gjekk «Havfruen», «Sjøblomsten», «Gunhild», «Rapp» og «Isrypen» frå Ålesund til Vesterisen. Den 14. mai kom vi over ein selflokk som låg på isen. Dei fem selfangarane gjekk i samfangst og gjorde klar til fangst om morgonen kl 6. – Alle dei l0 skyttarane frå dei fem skutene med fangstmennene sine gjekk i fangstbåtane og rodde til flaket. Då dei kom til kanten av isstrimelen som selen låg på, synte det seg at heile isstrimmelen om natta hadde frose saman til ei heil isflore. Det var på grunn av smult hav og sterk kulde. Selen låg då midt inne på denne flora og hadde ikkje ringaste høve til å koma til sjøs. – Då fangstfolka vart klar over dette, gjekk alle mann på isen. Dei drog båtane opp på flora og gjekk med gevær og hakapikar mot selflokken. Fyrst vart all ammunisjonen brukt opp. Då det ikkje var meir att av han, gjekk alle mann i gang med å slå i hel selen med hakapikar. Då klokka var 3 om ettermiddagen, var kvar einaste sel drepen.

Vi rekna med at det i alt var 12-15000 sel. Vi arbeidde med å flå og å lasta inn til 17 mai. Då var alle fem fartya fullasta oppunder lukene og vi tok fatt på heimturen. Den 23. mai kom vi til Ålesund med fem fullasta skuter. Heile fengda av det som vart berga av oss, var 7000 dyr.

Johan B. Brandal var med «Isrypen» på sildefiske på Island i 1907. Han fortalde at «Isrypen» var den beste siglaren han viste om av båtar i same storleik. Dei segla heim frå Island til Hareid på 3 døgn.

I 1914 under fangst i Danmarkstredet slo dei av propellakslingen. Dei prøvar å skifte akslingen ved å lette skuta bak, mellom anne ved å tøme kolbaksen bak og flytte alt laust fram på baugen. Men ho vart ikkje lett nok bak til å få skifta akslingen. Dei fekk så assistanse av skuta «Aksla» som slepte dei ut av iskanten så dei kunne segle til Island. Dei gjekk deretter tilbake i stretet på fangst, og kom heim med full last.

I 1915 kom dei ut for eit forferdeleg uver på veg til Danmarkstredet, og dramatikken kjem tett. Det var også svært kaldt så skuta isa ned. Det bles så kraftig at det var uråd å kome på dekk under overfarta. Klyverbommen isa kraftig ned, og skuta vart faretrugande tung på baugen. Då tok dei geværa og skaut vekk isen på klyverbommen. Medan stormen rasa var det heller ikkje mogleg å kome seg fram til proviantlageret. Det dei hadde i byssa vart tomt etter to døgn, medan stormen rasar i fem. Då det endeleg spakna og dei kunne gå laus å banke is nådde dei i provianten til slutt, men berre for å finne ut at ei kanne parafin hadde velta og runne ut over storparten av provianten. Dei plukka ut det som var minst øydelagt, men også dette smaka stramt av parafin.

-I fem døger fekk vi ikkje hente proviant, så vi måtte leve av dei to tønnene med rugkavring som vi hadde med som naudproviant. Isinga var heile tida kraftig. Skuta låg tyngre og tyngre i sjøen, og til slutt flaut vi berre på isen, fortalde Harald Vartdal etter turen. Det var viktig at dei kunne halde fram turen. Dersom dei måtte gå heim for å hente ny proviant, hadde dei gått glipp av ungselfangsten.

-Vi åt parafinbrød, fekk parafingryn og drakk parafinkaffi. Og eg gurpa parafin ein heil månad etter at vi kom heim! (Harald Vartdal)

På kjeletoppen var det lagra bjørkeved, og 7500 skot. Brått vart dei merksame på at det tok til å smelle. Det hadde begynt å brenne. Dei greidde å sløkke brannen, men ammunisjonen og krutet var utbrent. Det som berga dei litt var at skipperen hadde 500 skot under køya på lugaren sin. Dei fekk også ein del skot frå skutene «Arctic» og «Aksla».

I 1916 vart skuta seld til Ålesund for kr. 78.500,- inkludert sildegarnsbruk og ein del ishavsutstyr. 27. desember 1916 forliser «Isrypen» ved Hammarsundodden. «Isrypen» var på veg ut frå Kristiansund til sildefeltet då skuta gjekk på Solværsbåane. Den sterke nordgåande straumen førde skuta inn mot steinete grunn, og den tok inn vatn. Mannskapet gjekk så i båtane.