Johannes Bache

Eigar1889 Claus Schrøder, Ålesund
1894 Claus Molstein Schrøder, og Hilmar Schrøder, Ålesund
1896 Ingeborg og Marie Schrøder (ektefeller til Claus og Hilmar)
1905 Skipper Kristoffer Mayer Eriksen kjøper seg inn med 50%
1918 Kristoffer Mayer Eriksen
1922 Ida Eriksen og Louise Eriksen
1924 Ludolf Scheldrup, Skånland
1927 Schjelderup Sælfangstrederi AS, Skånland
FartytypeSluppgaleas
Reg. merkeT 12 T
N 39 BN
HeimehamnÅlesund - Tromsø - Skånland
ByggeverftBygd i Ålesund
Byggeår1889
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår54,1 fot
Mål i breidde, byggeår18 fot
Mål i djupne, byggeår6,1 fot
Tonnasje31,16 brt
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1911: 20 hk Bolinder.
SkipperarKristoffer Eriksen (1902-
KondemnertKondemnert og senka i Skjerstadfjorden 1934.
Utfyllande opplysningar

Første gang på selfangst i 1902, og gjorde to turar dette året. Først i Vesterisen der den kom heim med 550 ungsel og 302 vaksne dyr. Seinare gjekk dei til områda ved Svalbard og kom heim der i frå med 60 storkobb, 2 levande og  3 døde isbjørn.

I 1903 gjer den også to turar og kjem inn til Tromsø 17. juli med 300 ungsel, 1500 vaksne dyr, 2 levande og 9 døde isbjørn, 1 narkval og ein del spekk. I dagboka etter denne turen (Norsk Sjøfartsmuseum) kan ein lese at det har vore heller dårleg fangst og tildels dårleg ver første månaden av turen, først etter 12. juni kjem dei fram på ein del klappmyss. 30. juni får dei Jan Mayen i sikte og her treff dei mange skuter, der dei bl.a er på besøk ombord i «Sleipner» og «Minna». Sidan det var lite sel og sjå vel dei å gå ut av isen for å fangste bjørn. Neste morgon kjem dei til nokre isflorer og krokar seg gjennom desse for å leite etter isbjørn. «Minna» og «Gunhild» skal fangste i lag, og «Johannes Bache skal halde lag med «Havfruen». «Johannes Bache» får 2 levande og 9 døde isbjørn.

Etter ein god tur i Kvitsjøen i 1924 vart det heller dårlege turar i Vesterisen i 1925 og 1926. I 1927 vert ishuda teken av skuta og den vert vidare brukt til fraktefarty. Skuta vart mykje liggande still etter 1928, men i 1934 skulle den slepast til Rognan for reperasjon. Slepet slitna utanfor Kvikkstadøya og skuta fekk store skader. Ved ankomst Rognan vart det konstatert at skadene er så store at skuta etter kvart vert kondemnert.