Korsfjord

Eigar1917 AS MK Korsfjord I, Bergen. (Halfdan Hamre, Peder Olai Kleppe og Olai Hetlelid
HeimehamnBergen
ByggeverftOlai Hetlelid, Leirvik på Stord
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår58,3 fot
Mål i breidde, byggeår15,3 fot
Mål i djupne, byggeår6,6 fot
Tonnasje31,22 brt
Maskin, orginalt50 hk Avance
SkipperarHans Myrvågnes 1918
Olavius Aurvåg 1919
ForlistGrunnstøtte og sokk ved Grasøyane 19. februar 1919
Utfyllande opplysningar

“Korsfjord” var første og siste gang på selfangst i 1918. Skipper og storparten av mannskapet var frå sunnmøre på Bergens-skuta.

På vintersildfiske i 1919 grunnstøtte skuta på veg inn til Ålesund i uvêr kl. 23 på kvelden. Det var kuling og snøtjukke og dei styrde etter fyret på Grasøyane men kom i bygevêret for nær øya og grunnstøytte. Sjøen fossa inn og skuta sokk på få minutt. Det var svært grunt i området, og livbåten vart knust. Mannskapet på 9 mann klatra difor opp i framriggen. Ein motorbåt kom forbi. Dei sette ut to livbåtar for å freiste ta opp mannskapet, men dei klarte ikkje å kome gjennom brota inn til havaristen. Ut på natta gjekk det melding til vaktskipet “Brand” som låg i Ålesund. Dei rykte straks ut ogvar framme etter ein time.Med hjelp av lyskastar fann dei vraket der to av mannskapet framleis klamra seg til riggen. Sjøen stod då omlag ei famn under godset. Mannskapet på “Brand” rodde inn til Grasøyane og fekk låne ein større båt som dei klarte å ta seg gjennom brota med og bort til dei overlevande. Dei to som hadde overlevd snart 9 timar i riggen var Paul Myrvågnes, Tjørvåg og Sigvald Urhaug, Manger.

Dei som kom vekk ved “Korsfjord” sitt forlis var: Brørne Olavius og Fridtjof Aurvåg, Herøy, Rasmus Vorren, Sandsøya, Ingvald Eikrem, Slagnes, brørne Sigfred og Johan Jensen, Ålesund og Aksel Sverre Valderhaug, Ålesund.

LitteraturOttesen, Johan: Båtar med historie