Kvitbjørn

Andre namnAlcantaria (1988)
Eigar1968 A/S Rieber & Co Tromsø
1981 Rieber Shipping A/S Bergen
1988 Pesquera Sopesa, Alimar S.A., Santiago, Chile
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT 103 T
HeimehamnTromsø
ByggeverftA. M. Liaaen, Ålesund
Byggeår1968
ByggematerialStål
Mål i lengde, byggeår134,3 fot
Mål i breidde, byggeår27,5 fot
Mål i djupne, byggeår14,7 fot
Tonnasje399 brt
472 brt
Maskin, orginaltAtlas MaK 1600 bhk
Ombyggingar Verft1978 Shelterdekk
Utfyllande opplysningar

«Kvitbjørn» vart levert frå verftet i januar 1968, og gjekk ein månad seinare på sin første tur på selfangst ved Newfoundland. Fangst dette første året vart 16000 sel. Under gange i isen dette året fekk dei skade på propellanlegget, men ein servicemann frå Liaaen i Ålesund tok fly til Canada og ved hjelp av isbrytar vart mannen frakta om bord i «Kvitbjørn». 12 dagar etter at skaden oppstod var skuta klar for fangst att.

«Kvitbjørn» var bygd for AS Rieber & Co. Rieber hadde vore medeigar i fleire ti-tals ishavsskuter gjennom 50 år, men «Kvitbjørn» var nok truleg den aller første ishavsskuta Rieber bygde for eiga rekning utan andre medeigarar.

I 1978 gjekk skuta til Kragerø verft og dokk AS for å få påbygd shelterdekk, og notbingen vart gjort større.

I 1979 rett før skuta skulle gå heim frå Vesterisen rauk trekkstonga, og havaristen måtte slepast heim av «Kvitungen».

I 1985 venta ei ny ombygging for «Kvitbjørn». Denne gong ved Johan Drage AS, Rognan. No kom mellom anna nytt styrehus og ein del nye instrument på plass.

I 1988 vert skuta seld til Chile ved Pesquera Sopesa-Alimar S.A. Valparaiso. Båten får no namnet «Alcantara», vert forlengd i 1994 til 43.15 meter og den skal ha fått ein MaK-motor på 2393 hk. Siste kjende eigar er Alimentos Marinos SA Alimar, og den skal vere i bruk som brønnbåt.