Leidolf

Andre namnGurskøy
Eigar1907 Johan, Paul og Peter Lillenes, Tjørvåg
1917 Johan A. Lillenes
1925 Petter, Olav og Robert Myklebusthaug, Bergsøya
1933 Lars og Enok Sporstøl, Dragsund
1940 Lars, Bjarne, Kåre og Enok Sporstøl, Dragsund
1955 Knut Bang Se. og Knut Bang jr., Ålesund
1964 Sigurd Notøy, Haugsbygda
Fartytypekuttergaleas
Reg. merkeM 83 HØ
HeimehamnTjørvåg
ByggeverftBolsønes verft, Molde
Byggeår1907
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår61,2 fot
Mål i lengde etter ombygging73,9 fot 1938
Mål i breidde, byggeår18,3 fot
Mål i breidde etter ombygging18,6 fot 1938
Mål i djupne, byggeår7,7 fot
Mål i djupne etter ombygging7,4 fot 1938
Tonnasje43,08 brt 1907
64,30 brt 1938
Maskin, orginaltSkandia 14 hk
Maskin, ny1916 Skandia 60 hk - 1934 70 hk Wichmann - 1949 100 hk Wichmann
SkipperarJohan Sandvik (1911)
John Lillenes (1910 og 1912-1920)
Ombyggingar Verft1938 forlengd ved Smedvik mek. verksted i Tjørvåg.
ForlistForliste i Ulvesundet 1967
Utfyllande opplysningar

Bygd for fiske i 1907, første turen vart på sildefiske ved Island same år.

Første gang på selfangst i 1910, og fansta dette året 600 sel.

I Kvitsjøen 1922 oppbrakt av russerane 9. mai og ført inn til Arkhangelsk med mannskap og last saman med “Hvitfjeld”, “Sælfangaren”, “Sæl” og “Remøy”. Først ut i juli vart dei sette fri etter forhandlingar med norske og russiske styresmakter.

Siste turen på ishavet truleg i 1925.

I 1929 var skuta leigd ut til eit selskap som dreiv fraktfart. Etter ei tid vert skuta arrestert mistenkt for spritsmugling.

Nye eigarar kjem til i 1933. I 1935 endrar båten namn til “Gurskøy”. Går i fraktfart, mykje i agnfart frå Ålesund til Lofoten. I denne farta gjekk båten meste heile 1930-talet og til krigen braut ut. Båten vart etter kvart rekvirert av tyskerane, men eigarane tok opp att agnfarten etter krigen.

Lasta med 900 hl sild på veg frå Kristiansund kolliderte ho med ein annan føringsbåt, “Christine” i Ulvesundet og sokk i 1967.