Lysningen

Andre namnKvitungen (I)
Eigar1915 Ole S. Brandal, Brandal
1916 Sigvald S. Brandal, Brandal kjøpesum kr. 130.000,-
1925 Brandals Ishavsrederi A/S, Brandal (Johan H. Brandal) kjøpesum kr. 80.000,-
1928 A/S Søndmøre Sælfangere (Peter S. Brandal)
1932 Rolf Kvien m.fl., Ålesund
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 24 HD
M 139 A
HeimehamnBrandal - Ålesund
ByggeverftHans Gravdal, Opsanger
Byggeår1915
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår96,6 fot
Mål i breidde, byggeår21,6 fot
Mål i djupne, byggeår10,1 fot
Tonnasje128,94 brt
Maskin, orginaltMjellem & Karlsen damp 120 hk, 2cyl.Comp
SkipperarOle Hofseide (1915)
Johan P. Brandal (1917-1918)
Oskar Garnes (1919-1920)
Sigvald S. Brandal (1921-1931)
Rolf Kvien (1932-)
ForlistForliste i Stretet 9. juli 1935
Utfyllande opplysningar

Då “Lysningen” kom til Brandal, tinga av Ole S. Brandal, i 1915 var den av dei største selfangstskutene som til så hadde blitt bygd til Sunnmøre. For den tida å vere var skuta godt og komfertabelt utstyrt. Pressa kunne fortelje om at mannskapslugaren visstnok var “den største som er indredet på noget sælfangerfartøi. Der er køiplads for 13 mand. Agterut er en liten, men meget pen salon. Ved siden herav er maskinist- og skytterlugarer. Både forut og agterut er lugarene malt i egefarver. På broen er en rummelig bestiklugar”. (Søndmørsposten).

I 1927 dreiv “Lysingen”, “Polhavet” og “Aarvak” samfangst av moskus på Grønland. 34 dyr vart skotne og to levande moskuskalver tatt med til Norge. Ein av desse kalvane vart seld til zoologisk have i Roma, den andre døde på Hareid.

I 1930 er “Lysningen” på både håkjerringfiske og selfangst. Fangstresultatet vert 88 sel og 150 fat håkjerringtran. Fisket gjekk føre seg nordfor Angmagssalik. På den beste lina var 80 fisk på 100 onglar.

I 1931 er “Lysningen” igjen på kombinasjonsfangst ved Grønland. Resultatet dette året vert 862 sel og 229 håtran. “Lysningen” går to turar til Stredet etter håkjerring denne sesong.

Forlis: I 1935 var det eit dårleg år i Danskestredet, og heile fire sunnmørsskuter forliser. “Lysningen” har no skifta namn til “Kvitungen” og høyrer heime i Ålesund. “Kvitungen”, “Randi”, “Skansen” og “Kviting” forliser. Skipper Rolf Kvien har seinare fortalt om svære ismasser i drift i Danskestredet dette året. 

“Isfjell som var fleire hundre meter lange og minst 3 matehøgder høge passerte oss ustanseleg”.

8. juli kom dei bort i den første skruinga. Dei var då omlag 70 kvartmil aust for Angmagssalik, ei 12-15 kvartmil av land. Etter midnatt den 9. juli skrua isen “Kvitungen” heilt opp, og slik vart dei liggjande til neste morgon. Rorstamme og propell vart øydelagde av skruinga og skuta byrja å leke. Det var ikkje anna råd enn å forlate “Kvitungen” og gå på isen. Med kvar sitt ullteppe og elles berre det mest nødvendige av personleg utstyr byrja mannskapet å gå mot “Vestad” som ikkje var så veldig langt unna. Etter 5 timars marsj over isen kom dei seg ombord der. Ispresset heldt skuta til om ettermiddagen 10. juli då ho gjekk ned.

 

LitteraturIsflaket