Makrellen

Andre namnKviteggen 1918
Eigar1907 Johannes Halvorsen Lunde og Lars Larsen Berge,
1915 A/S Makrellen, Borgund (Gudleik Devold, Claus A. Iversen, Karolus Klubbenes og Olaf Røe)
1918 Bertrand Jacobsen, Johan Olsen og Oluf J. Olsen
Fartytypeslupp
HeimehamnÅlesund
ByggeverftMjelkevika i Skånevik
Byggeår1907
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår69,9 fot
Mål i breidde, byggeår19,2 fot
Mål i djupne, byggeår8,1 fot
Tonnasje54,35 brt
Maskin, ny1913 25 hk Activ- 1916 87 hk 2 takts Skandia
SkipperarJørgen Eksund (1909)
Johannes Lunde
K. Klubbenes (1916)
Oluf J. Olsen (1918)
Olaf Westad (1919)
Theodor Olsen (ved forliset) (bror til knut og Johan Olsen)
ForlistForlist i Vesterisen mai 1920
Utfyllande opplysningar

Bygd for makrell og dorgefiske i Nordsjøen. Seinare vert den teken i bruk på bottlenose- og selfangst. Skuta skifte namn til «Kviteggen» i 1918. Før den vart sendt på ishavet fekk den påsett ishud av eikeplank.

Kolbein L. Berge har fortalt om eit år dei fekk skada propellen av ein blåis. «-For å prøve å reparere dette, sette skipperen i gang med å lage ei slags dykkerdrakt av seglduk med hette, sjåglas og allting. Men problemet var å få dykkaren ned under vatn. For å få dette til vart det lagt ei line frå den eine båtsida og under kjølen til den andre sida. Ved å drage i lina meinte vi å kunne få dykkaren ned til propellen.

Det var maskinisten som skulle gå ned, men dykkardrakta var ikkje tett så ho vart fyllt med isvatn.

Det var berre å hale maskinisten ombord att. Dermed måtte vi sigle heim med fangsten som berre var på 135 dyr. Etter å ha levert fangsten i Espevær og vore ein svipptur heim til Ølen, var «Makrellen» attende på fangstfeltet ti dagar seinare. Isen var fin, mange skuter var samla og vi såg mykje sel. Men brått skrudde isen til og vi måtte kome oss ut snarast mogleg. I heile tre veker låg vi utanfor iskanten og venta på at isen skulle gå opp. Men til slutt var det ikkje anna råd enn å gå attende til Espevær med den vesle fangsten vi hadde – 35 dyr denne gong. Oppgjeret for desse to turane synte forresten eit underskot på 130 kroner på kvar.»

Forlot Ålesund 24. mars 1920 med eit mannskap på 11 mann for selfangst i Vestisen. 7. mai 1920 vart dei praia av M/S «Oscar», 72.40 N 11.00 V. Sidan vart dei ikkje sett. Dei som kom vekk med båten var: Theodor Olsen, Ålesund, Peder Tynes, Ålesund, M.L. Hjelvold, Tromsø, Conrad Olsen, Ålesund, Kristian Haugen, Ålesund, Hans Eidsvåg, Ålesund, Erik Madsen, Sverige, Jonas Langva, Ålesund, Severin Larsen, Ålesund, Ingvald Sørheim, Ålesund og Johan Alagonas, Sverige.