Neptun

Eigar?? H. Fugleberg m.fl., Giske
?? Karl Slinning, Hessa
1902 Peder P. Brandal, Brandal
1914 Ole S. Brandal, Brandal kjøper den for kr. 6.500,-
FartytypeSelfangar
HeimehamnBrandal
ByggeverftHans Olsen, Mehus, Skånevik
Byggeår1896
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår48,1 fot
Mål i lengde etter ombygging57 fot 1907
Mål i breidde, byggeår15,9 fot
Mål i breidde etter ombygging17 fot 1907
Mål i djupne, byggeår5,9 fot
Mål i djupne etter ombygging7 fot 1907
Tonnasje23,71 brt 1896
38,14 brt 1907
42,86 brt 1911
Maskin, orginaltsegl
Maskin, ny1911 Aalesunds MV 40 hk damp - 1914 Alpha 36 hk
SkipperarKarl Slinning
Peder P. Runne Brandal (1907-1912)
Ole Hofseide (1913)
Ombyggingar Verft1907 forlengd og ombygd i Rosendal
1911 halvdekk og innsett dampmaskin ved Aalesunds MV
ForlistForlist i Edøyfjorden 16. desember 1914
Utfyllande opplysningar

Peder Runne Brandal var sjølv skipper på “Neptun” då han kjøpte denne i 1902. Med den dreiv han torskefiske, finnmarksfiske og makrellfiske i Nordsjøen.

“Neptun” var første gang på selfangst i 1907.

I 1909 melder Søndmørsposten at to fartøier ligger ilanddrevet i fjæren på Brandal. Desse var “Neptun” og “Havfruen” som hadde slite fortøyningane sine i ein storm i oktober 1909. “Neptun” greidde å halde segflytande på pumpene og “Skolma” slepte den til Florvaags verft i Ålesund.

Under fangstturen i 1910 brotna formasta eit stykke nedanfor godset. Det var ein hard jobb å få riggen opp igjen i storm og kulde, men dei hjelpte seg med det dei hadde, og kom heim med 300 sel, fekk ny mast og gjekk på ny tur.

I 1914 har Ole S. Brandal teke over båten då dei kolliderar med fiskebåten “Lyren” av Ålesund under sildefiske 16. desember. “Neptun” var på veg frå Kristiansund til sildefeltet på Sulahavet. Begge skutene gjekk for full fart då uhellet hende, og “Neptun” vart treft midstskips og nesten knekt i to. Stålbaugen på “Lyren” stod nesten inn til luka på “Neptun” som forsvann i djupet straks etter at “Lyren” hadde fått plukka opp mannskapet.

“Forliste i Edøyfjorden på veg til fiskefeltet etter kollisjon med fiskedampskipet Lyren”.