Nordishavet

Eigar1917 A/S Ishavet, Ålesund (Michael Knutsen)
FartytypeSelfangar
HeimehamnÅlesund
ByggeverftGunvald Ottesen, Sagvåg
Byggeår1916
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår91,4 fot
Mål i breidde, byggeår21,4 fot
Mål i djupne, byggeår10,2 fot
Tonnasje122,95 brt 1916
Maskin, orginaltMjellem & Karlsen damp 130 ihk
SkipperarHenrik Wind Daa Landmark (1917-1918)
ForlistForliste 10. januar 1918, mannskapet på 13 kom vekk
Utfyllande opplysningar

“Nordishavet” var på selfangst første gong i 1917. Det skulle også verte einaste turen skuta hadde i ishavet.

Vinteren 1918 driv “Nordishavet” sildefiske ved Halten. Dei held lag med “Flemsøy”. Natt til 11. januar går “Nordishavet” inn til land vel ein time før “Flemsøy”. I snøtjukke og storm på veg til Stokksund grunnstøtte og sokk skuta 10. januar 1918 ved Kobbeskjæret nær Knarrlagssundet ved Hitra. Heile mannskapet på 13 mann omkom så detaljar ved forliset er det ingen som kjenner til.

Dei som omkom ved forliset var:

Skipper Henrik Landmark, Brandal (funnen)

Maskinist Harry Iversen, Ålesund, Eldar Olav Ingebrigtsen, Ålesund, Olai P. Nossen, Ørsta, Peder P. Sørheim, Ørsta, Jakob E. Bjørkedal, Volda, Bjarne Dahl, Volda, (funnen), Ivar Wetterhus, Volda (funnen), Johannes Rotevatn, Volda, Samund P. Aksnes, Volda, Martin Stafseth, Tennfjord, Jon Vaagen og Knut Vaagen, truleg frå Herøy