Noris
Andre namn | Norden 1906 - Bollaholm 1923 |
Eigar | 1906 Bendik Markussen, Harstad 1916 Reidar Kaarbø, Harstad 1916 P/R Daniel O. Madsen og Albert J. Kristoffersen, Trondenes 1918 Albert J. Kristoffersen, Johan Bendigtsen og Hilmar Bendigtsen 1923 Ibestad Sparebank 1923 Martin Olsen, Bolla i Ibestad 1934 Wallør og Sverre Nilsen, Foldvik 1939 Ove Johnsen, Sortebekk, Gratangen 1948 Peder Langaune, Sørreisa 1949 Peder, Hans, Mikal og Per Langaune, Sørreisa |
Reg. merke | T-14-I (1920) T-58-G (1934) T-42-SA (1949) |
Heimehamn | Ibestad - Gratangen - Sørreisa |
Byggeverft | Bolsønes skipsverft, Molde, bygg nr. 42 |
Byggeår | 1906 |
Byggematerial | Tre |
Mål i lengde, byggeår | 57,9 fot |
Mål i breidde, byggeår | 17,3 fot |
Mål i djupne, byggeår | 7,2 fot |
Tonnasje | 32,62 brt 1906 41,69 brt 1916 41,31 brt 1949 |
Maskin, orginalt | damp 35 hk |
Maskin, ny | 1916 Bolinder 50 hk - 1931 Bolinder 75 hk |
Skipperar | Rolf Kvien (1919) Johan Arvesen (1920) Peder Langaune (1952) |
Ombyggingar Verft | 1949 ved aareland mek. verksted, Bakkejord, nye overbygg og ny hud |
Forlist | Forliste i Austisen 30. april 1960 |
Utfyllande opplysningar | «Noris» gjekk under namnet «Bollaholm» første gang den var på selfangst. Men namnet vart endra før neste tur til «Noris», som kanskje var eit meir høveleg namn i nordområda. Men den var bygd under namnet «Norden» i 1906. Det er først i 1949 den kjem med i ishavsdrifta, og dei kjem heim frå Nordisen med 250 sel og 11 døde isbjørn. I 1950 er dei både i Nordisen og i Austisen på første tur, og kjem heim med 340 sel, 1 kvalross og 5 døde isbjørn. Andre tur går til Nordisen, og her fangsta dei 30 storkobb. I 1955 får dei brot på propellakslingen i Forlandssundet, og må be sysselmannsskuta om assistanse. Dei kjem til og sleper «Noris» til Bjørnøya der slepebåt frå Tromsø kjem og tek over. Under fangst i Austisen i 1960 merkar dei brått den 30. april at skuta tek inn vatn. Ut på dagen vert lekkasjen merkbart større, og dei finn ut at baugjarna er slått lause. Alle pumper går men vatnet stig, og klokka 15.15 stoppar hovudmotor, og litt etter også hjelpemotor. 30 minutt etter forlet mannskapet skuta. Då ligg dekket på «Noris» i vatn. «Lance» var den skuta som låg nærast og dei hadde blitt varsla om å halde seg klar då mannskapet skjøna kva veg det bar. Dei hadde straks brote av fangsten og var snart framkomne då havaristane gjekk i båtane kl. 16.00. Klokka 16.15 den 30. april 1960 går «Noris» ned nordnordvest av Kapp Kanin. |