Norrøna III

Eigar1907 Martin A. Solheim og Anders J. Solheim, Bømlo
1913 P/R Magnus B. Sandøy, Rasmus T. Sandøy og Paul B. Sandøy, Sandøy
Fartytypekutter
Reg. merkeM 37 SØ
HeimehamnSandøy
ByggeverftVang, Rosendal
Byggeår1907
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår65 fot
Mål i breidde, byggeår18,2 fot
Mål i djupne, byggeår7,3 fot
Tonnasje44,65 brt 1907
45,55 brt 1916
Maskin, orginaltSegl
Maskin, ny1915 Bolinder 40 hk
SkipperarPaul Berntsen (1925)
Ombyggingar Verft1914 i Kristiansund, påsett dekkshus
Tidlegare namn"Norrøna"
AnnaForsvann 20. januar 1920
Utfyllande opplysningar

Kutter berekna på kystfiske, selfangst og transport av sild og fisk. Første gong på selfangst i 1919 med bra resultat, men året etter var prisane på skinn dårlege. I april 1921, på veg heim til Romsdal med fangst etter Lofotfiske, grunnstøytte skuta på Krosskjeret. Hurtigruta «Haakon Jarl» passerte på flo sjø neste morgon, og dei vart praia og fekk opp ei slepetrosse. Den første rauk, men på andre forsøk var «Norrøna III» av skjeret.

Under storsildfisket 20. januar 1925 ligg skuta med drivgarn utanfor Grip. Det er det siste ein veit om skuta. Vêret var ikkje noko særleg ille, og det gjekk difor mange dagar før nokon tok til å sakne dei. Seinare fann ein vrakgods, som ein meinte måtte stamme frå «Norrøna III» på Vest-Smøla. Men kva som hende med skute og mannskap veit vi ikkje. Dei 11 som kom bort med «Norrøna III» var: Paul B. Sandøy, Sandøy, Albert R. Sandøy, Sandøy, Kristian Utstrand, Eide, Sigvart Halås, Eide, Knut Halås, Eide, Johan Halås, Eide, Peder Stølen, Smøla, Aret Løvoll, Tomrefjord, Jon Birger M. Vågen, Bud, Ole Frisnes, Bud og Hans Slettbakk, Radøy.