Øiland

Eigar1920 P/R Peder Røch og Ottar Johansen, Rolløya
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT 40 I
HeimehamnIbestad
ByggeverftRognan
Byggeår1916
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår61,1 fot
Mål i breidde, byggeår18,7 fot
Mål i djupne, byggeår8,2 fot
Tonnasje47 brt
Maskin, ny1920 2 cyl "Advance" 60 HP.
SkipperarOttar Johansen (ved forliset)
ForlistForliste i Kvitsjøen 4. april 1928
Utfyllande opplysningar

Første gang på selfangst i 1919.

I 1925 fangsta «Øiland» 1900 sel i Kvitsjøen, men året etter vart det berre 900 frå same feltet.

I 1927 var «Øiland» chartra som ekspedisjonsskip for Hamburgischen Spitsbergen-Expediton.

Hadde 1018 dyr og 250 tonn spekk om bord ved forliset 4. april 1928. Mannskapet teke opp av «Viking» av Tromsø.

Den 23. april var det svak sydvestleg vind, og «Øiland» kursa nordover i ei stor open råk. Skipperen hadde sett sel inn på isen og mannskapet vart komandert å gå på isen. Dei brukte først fangstbåtane, men så set isen meir saman og karane måtte gå på isen. Ein del av mannskapet fanga på isen mens dei andre var ombord og platta skinna i romet. Då bratt vart det liv i isen og braka var høglytte. Skipper Ottar Johnsen fortel: Det kom en svær isskruing. Skuta vart sett mellom to store isflorer og skrua den overende. Skuta vart lek og vi sette straks i gang pumpene. I starten klarte vi å halde skuta lens, men så slakka isen så skuta seig ned, og då fossa sjøen inn. Vi forstod då at skuta hadde eit så stort hol at det var håplaust å halde den lens. Sjøen stod no midt opp i sylindrane på maskina. Vi gav opp pumpinga og forsøkte i staden å berge det aller mest nødvendige av proviant på isen. Mannskapet som hadde vore på isen og fanga var det blitt signalisert til og dei kom no ombord. Men då var skuta full av vatn.

I løpet av ein time var skuta krenga heilt over og mannskapet berga blant anna flagget i stortoppen som no låg innover isen. Mannskapet på 11 som vart tatt opp av «Viking» vart seinare sett opp på Youkanski der ein norsk marinebåt seinare kom å plukka opp både dei og mannskapa på fem andre skuter. Tilsaman 54 forliste mann vart henta her.