Opo

Andre namnBurøy (1946) - Haugland (1952) - Sæl (1963)
Eigar1945 AS Nordag
1946 AS Sæteren Co, Oslo
1946 Skibsaktieselskapet Beran, Oslo
1950 Lovin Bratlid, Oslo
1950 Christiania Bank og Kreditkasse
1951 E.B. Aabys Rederi AS, Oslo
1952 AS Ryvarden, Haugesund
1954 P/R Skips A/S Opo (A. Bervik) og Morola (Oslo) AS
1963 A/S Kvitøy, Vartdal
1972 Brødrene Sørensen, Stathelle
2004 Greenland Offshore Industri AS, Stathelle
FartytypeLastebåt - selfangar
Reg. merkeO-11-O
M-29-VD
HeimehamnTønsberg - Oslo - Vartdal
ByggeverftMoss Værft & Dok, Moss, bygg nr. 109
Byggeår1946
ByggematerialStål
Mål i lengde, byggeår149,9 fot
Mål i breidde, byggeår30,6 fot
Mål i djupne, byggeår10,8 fot
Tonnasje517,10 brt
499,02 brt etter ombygging 1960
Maskin, orginaltFredrikstad 72 nhk damp
Maskin, ny1954 GM diesel 400 hk - 1963 MaK 1400 hk
Ombyggingar Verft1950 Ombygd i Kiel for selfangst
1964 Ombygd ved Hjørungavåg verkstad, ny maskin og fryserom
Tidlegare namn"Burøy"
AnnaI 1972 vert skuta nedrigga og brukt som lekter.
Utfyllande opplysningar

Få, om nokon, har kome heim med så lite sel som “Burøy” gjorde på sin første fangsttur til Newfoundland i 1950. Dei leverte 91 sel ved heimkomst. Då var båten 4 år gamal, og hadde skifta eigar like mange gongar. Båten var eigentleg berekna å verte lasteskip/motorlekter då den var tinga i 1941.

I 1950 går “Burøy” til Kiel for ombygging til selfangst. Dei hadde problem med maskina alt på veg heim til Oslo, og fekk ikkje lagt ut til Newfoundland før 9. mars. Etter fem døgn med dårleg framdrift og stadig maskin problem ,går dei inn til Skottland for reparasjon. Dei kom ikkje fram til fangstfeltet før 8. april, då var fleire andre skuter alt på veg heim. Etter 8 dagar med fangst var situasjonen igjen kritisk, og dei gjekk inn til St. Johns for reparasjon. Skuta hadde då så lite bunkers at det var så vidt dei nådde fram. Maskina vart reparert, men dei oppdaga her at to propellvengar var borte og ein tredje var det berre restar igjen av. Kun ein var uskadd. Slingrekjølen var også borte. Etter seks veker med reperasjon var skuta attende på feltet. Som siste norske skute fanga dei 1 klappmyss, og kom heimmed 91 sel.

Sommaren 1952 skifte skuta eigar og får namnet “Haugland” og i 1954 vert båten igjen seld og skiftar namn til “Opo”.

I 1960 vert skuta leigd av Den Kongelige Grønlanske Handel for å gå på selfangst ved Newfoundland. Dette året vart det omlag 3000 sel.

I 1963 kjøper AS Kvitøy, Vartdal, skuta og den skiftar igjen namn, no til “Sæl”. Den vert ein del ombygd ved Hjørungavåg Verkstad i 1964, og får ny maskin og frysemaskineri. Ein del av ombygginga er med tanke på håbrannfiske.

I 1972 vert skuta nedrigga og brukt som lekter.

LitteraturJohan Ottesen: Skuter på selfangst