Orlando II

Andre namnOrlando (1882)
Eigar1882 Charles & Robert Hellyer, Hull
1882 Charles & Robert Hellyer, Hull
1890 Hull Fishing & Ice Ltd (Charles Hellyer & C. Pickering) Hull
1898 Karl Adolf Karlsson & Johann Oskar Høgvall, Gullholmen, Sverige
1903 Joakim Edvardsson, Karl Oskar & Ferdinand Simonsson, Johan Edvin Eriksson & Anders Edvin Andersson, Stocken, Sverige
1912 Anders Nyberg, Axel Johansson, Johan August Berg & Martin Nilsson, Mølløysund, Sverige
1913 Adolf Svensson, Oliver Hermansson & Anders Høgberg, Mølløysund
1916 Gottfrid Petterson, Grundsund, Sverige
1916 Johan Emil Lindbom, Carl Fredrik Andersson & Oscar Fern, Lysekil, Sverige
1917 Ingebrigt Voldstad, Vardø
1922 Theodor Grødahl, Tromsø
Fartytypeseglkutter
Reg. merkeF 10 V
T 71 T
HeimehamnVardø - Tromsø
ByggeverftJ.W & A. Upham, Brixham, England
Byggeår1882
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår78,9 fot (1918)
Mål i breidde, byggeår21,2 fot
Mål i djupne, byggeår10 fot
Tonnasje87 brt (1918)
Maskin, orginaltsegl
Maskin, ny1917 Bolinder 2 syl. 80 bhk
SkipperarTheodor Grødahl
Oskar Grødahl 1925
Isak Winje 1927
Tidlegare namn"Orlando"
ForlistForliste mars 1927 i Vestisen med heile mannskapet på 12
Utfyllande opplysningar

Sommaren 1925 var “Orlando II” på fansgt i Stretet. 28. juni er skipperen, Oskar Grødal, på veg opp riggen til tønna då han får slag og fall ned på isen. Han døydde umiddelbart.

I 1927 kjem “Orlando II” til Vesterisen 19. mars. Dei heldt lag med “Hanseat” som var frå same rederi, fram til denne gjekk heim med last 14. april. “Orlando II” heldt då lag med Ibestad-skuta “Nordland”. På 69.30 grader nord bles det påskeaftan 16. april opp til storm. Skutene gjekk då ut av isen og la seg i le av ein isstrimmel. “Orlando II” hadde omlag 2.300 sel ombord. Uvêret vart verre utetter dagen og snøkaven vart tjukk mot kvelden. Dei to skutene hadde kontakt med kvarandre fram mot midnatt, men etter dette såg ikkje mannskapet på “Nordland” meir til “Orlando II”. Stormen rasar i omlag eit døgn, og “Nordland” får nokre mindre skadar på rekka av is som kom veltande på sjøane. Verst var nedisinga som førte til at det nesten ikkje var fribord på skuta. Ut på natta fekk skuta også to brottsjøar som reinska dekket, knuste dører og sløkte maskina. Avisa Tromsø skriv: “Ingen trodde at den nedisete skute skulde berge sig lengere, men di gav sig ikke de karene før før livet slutter. Og kampen fortsatte inntil stormen gav sig, og skuten var berget”.

Då stormen var over gjekk “Nordland” for å leite etter “Orlando II”. Dei ser ikkje noko teikn til skuta og slår seg i første omgang til ro med at skuta kan ha satt jursen heim. Då dei seinare vart omtala som sakna var det mange skuter med i leitinga etter dei, men “Orlando II” var borte, ikkje det minste spor etter skuta var å finne.

Dei 12 som kom vekk med “Orlando II” var: Isak Winje, Nordbynes, Ludvig Kristoffersen, Malangseidet, Sigurd Andresen, Tromsø, Jakob Kristiansen, Tromsø, Harald Wilhelmsen, Håkøybotn, Otto Iversen, Steigen, Olaf Martinsen Kjereng, Balsfjord, Henry Pettersen, Tromsø, Karsten Olaussen, Honningsvåg, Sverre Sigvardsen, Balsfjord, Bernhard Hansen, Sandnessund og Jerde Hansen, Kjosen.