Ørnen II

Eigar1917 Chr. Fredriksen
1917 A/S Ørnen II, Melbu (Christian Fredriksen, Gunnar Fredriksen, Erling Fredriksen, Olaf Giæver, Anton Jakobsen og Bernh. Hadsel).
1931 Norges Bank, Bodø
1932 Brødrene Brækkan, Kolvereid
1935 Ole Rødseth og Andreas Klungsør, Tjørvåg
FartytypeSelfangar
Reg. merkeN 32 H (1920)
NT 94 K (1932)
M 258 HØ (1935)
HeimehamnHadsel - Kolvereid -Tjørvåg
ByggeverftNils Skandfer, Kulstadsjøen, Vefsn
Byggeår1917
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår70,9 fot
Mål i lengde etter ombygging82 fot - 87 fot
Mål i breidde, byggeår19 fot
Mål i djupne, byggeår10 fot
Tonnasje74 brt
78 brt
Maskin, orginaltAvance 60 hk
SkipperarHenry Russenes (1917)
Gustav Adolf Lindquist 1919
Chr. Fredriksen
Ole Rødseth
Ombyggingar VerftNokre ombyggingar då den kom til Herøy i 1936, mellom anna ny kaising og bestikklugar.
ForlistForliste i Vestisen 14. april 1939 i posisjon 68 grader nord, 24 grader vest.
Utfyllande opplysningar

Den 12. april hadde dei fanga 851 dyr, og heldt lag med “Kvitungen”, “Polhavet”, “Buskø”, “Nordland 1” “Storis”, “Asbjørn” og “Sachsen”. Det var dønning og isen sette saman. “ØrnenII” greidde ikkje å halde lag med dei andre skutene, og ut på natta fekk skuta ein isfot i propellramma, akslingen vart bøygd og litt seinare kom vatnet inn gjennom propellhylsa. Dei andre skutene hadde då kome seg ut av iskanten. Frå “Ørnen II” vart det sendt opp to raketter for å varsle dei andre. “Sachsen” oppdaga signalet og kom attende og bauga ei råk slik at “Ørnen II” kunne kome ut. Ut på dagen den 13. april byrja vatnet brått å fosse inn gjennom hylsa, og det vart uråd å halde “Ørnen II” lens sjølv med alle pumper i gang. Det vart fløyta til “Polhavet” som straks kom å la seg på sida. Då stod vatnen høgt i maskinromet og motorane hadde stoppa. “Polhavet” tok ombord dei 14 i mannskapet, ein fangstbåt og litt proviant. Dei klarte også å ta 2-300 dyr då vidare berging måtte avsluttast. “Hvalrossen” kom også til. Dei hadde lite olje til lysmotoren, klarte å få av bakseluka til tanken, og pumpa olje frå den søkjande skuta. “Ørnen II” heldt seg flytande til ut på føremiddagen den 14. april då den sokk i posisjon 68 grader nord og 24 grader vest.