Polarfart

Andre namn | Clayton M. Johnson (1981) - Prowess 1985 |
Eigar | 1960 Henry Olsen og Sønner, Tromsø (Jan Harold og Kjell Bjørn) 1969 Jan Harold og Kjell Bjørn Olsen 1976 P/R Polarfart (Jan Olsen) Tromsdalen 1981 Johnson Combined Enterprises Ltd, St. John 1985 George West (Banfshire Fish Selling Co. Ltd.) Aberdeen 1996 Etosha Fisheries Holding Co. Ltd., Luderitz, Namibia |
Fartytype | Selfangar |
Reg. merke | T-575-TD (1960) T-575-T (1964) |
Heimehamn | Tromsø |
Byggeverft | Kaarbø mek Verksted AS, Harstad - bygg nr. 30 |
Byggeår | 1960 |
Byggematerial | Stål |
Mål i lengde, byggeår | 116,8 fot |
Mål i lengde etter ombygging | 129,45 fot 1967 - 47,91 meter 1988 |
Mål i breidde, byggeår | 26 fot |
Mål i djupne, byggeår | 10,85 fot |
Mål i djupne etter ombygging | 12,90 fot 1967 |
Tonnasje | 311,79 brt 1960 386,90 brt 1967 560,00 brt 1988 |
Maskin, orginalt | Wichmann 700 hk |
Maskin, ny | 1978 Wartsila 12 syl. 1980 hk |
Skipperar | Jan Olsen |
Ombyggingar Verft | 1964 montert kraftblokk 1967 forlengd ved Trondhjems mek. verksted 1978 shelterdekk og nytt styrehus, ny maskin ved Wärtsila Vasa Factory, Finland 1984 ombygd frå selfangst til trål |
Utfyllande opplysningar | «Polarfart» var første gang på selfangst i 1960. På denne første turen gjekk ikkje alt heilt etter planen, heller ikkje fangsttalet. Dei kom heim med berre 300 dyr. Dei kom seg seint av garde då skuta var forseinka levert. Komne i isen fekk dei avslegne to av propellblada, og den nye skuta måtte slepast inn til Halifax. Her fekk dei ny propell som kom med fly frå Noreg. Etter at dei var komne i fangst att, får dei skade på reverseringa og propellhylsa. «Polarfart» vart difor slepa heim til Noreg av «Norvarg». I 1964 fekk skuta montert kraftblokk. I 1967 vart «Polarfart» forlenga ved Trondhjems mek. Verkstad. Skuta vart då 129, 45 fot lang. Dette året var den hjelpeskip i Vesterisen. I 1978 vert «Polarfart» ombygd i ved Wärtsila Vasa Factory, Finland. Den får her nytt styrehus og shelterdekk, i tillegg til ny maskin, ein 1980 hk Wärtsila. I 1981 vert «Polarfart» seld til Canada der skuta skifte namn til «Clayton M. Johnson». Nytt namneskifte kom i 1985, og no heiter båten «Prowess». I 1984 vart skuta ombygd frå selfangar til trålar. I 1995 er David West eigar av skuta I 1996 er Etosha Fisheries Holding Co. Ltd. eigar Aktiv i ishavsdrift fram til 1967. Tok saman med «Norvarg», «Polarsirkel» og «Kvitfjell» opp mannskapet frå «Quest» i 1962.
|