Polaric

Eigar1918 Johan R. Rasmussen, Ålesund
1920 Peter S. Brandal
1925 A/S Polaric & Harald, Brandal, (Peter S. Brandal, Nils P. Brandal, Martin Karlsen og Dina Karlsen) kjøpt for kr. 165.000,-
1927 AS Polaric Brandal (Peter P. Brandal, Martin Karlsen og Peter S. Brandal)
1938 A/S Polarbjørn, Brandal
1968 Rieber & Co. A/S, Ålesund
1968 Agnar Karlsen, Seljelvnes
1989 Gratangen Museum
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 13 HD (1920)
M 13 A (1968)
T 33 B (1968)
HeimehamnBrandal
ByggeverftNils K. Bolsønes, Kyrkseterøra
Byggeår1918
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår99,3 fot
Mål i lengde etter ombygging105 fot
Mål i breidde, byggeår22,9 fot
Mål i breidde etter ombygging23,4 fot
Mål i djupne, byggeår10,2 fot
Mål i djupne etter ombygging10,5
Tonnasje155,73 brt 1918
172,99 brt 1948
182,30 brt 1952
Maskin, orginaltMjellem & Karlsen MV 120/150 hk
Maskin, ny1948 Crossley 375 hk - 1964 Wichmann 4 syl. 600 hk
SkipperarJohan S. Overå (1920-1929)
Knut Holstad (1930-1931)
Sverre Bigset (1933-1938)
Martinus Brandal (1939-1940)
J. Vartdal (1932)
Sverre Moldskred (1951)
Monrad Pilskog (1950-1955)
Johannes Mur Brandal (1964)
Asbjørn Johannsen (1967-1968)
Ottar Brandal (1966-1967)
Olav Aasmo (1953-1960 og 1962-1963 og 1965-1967)
Ombyggingar VerftOmbygd
1939
1948 reperasjon og ombygging ved Hatlø Verft
1952 ombygd til hekksbåt, Kyrksæterøra
KondemnertKondemnert 1986
Utfyllande opplysningar

Hadde planlagt å gå i Kvitsjøen 1947, men fekk ikkje leidebrev av russerane. Gjekk derfor i Austisen i staden. Ut på sommaren er den i Stretet, og under håkjerringsfiske vert propellen slått av av ein isfot. Dei hadde med reservepropell og aksling og lukkast med å skifte begge.

Var til Svalbard, Longyarbyen og Ny-Ålesund, med forsyningar frå Noreg i august 1941. Ved evakueringa av Svalbard i september 1941 evakuerte “Polaric” folket i Ny-Ålesund og brakte dei til Longyearbyen. Gjekk med prisemannskap om bord i konvoi frå Svalbard til Island i september 1941. Var i Reykjavik som bergingsfartøy til krigen var slutt. Skuta hadde då britiske offiserar ombord og oppdraget var stort sett å vere reperasjonsskip for den britiske marine.

Beste båt på storsilda i 1952.

Siste tur på selfangst i 1978 i Austisen.

Frå 1974 også brukt på rekefiske og loddefiske.

Under rekefiske i 1981, på veg frå Longyearbyen til Kaldfjord 28. oktober, gjekk den på grunn med god fart på Lågneset, men dei kom seg av med eiga hjelp. Det såg ut som det hadde gått bra med skuta, men ut på dagen 29. oktober byrja den å leke. Treverket og baugklavane hadde fått skade i grunnstøytinga og opna seg i grov sjø. “Polaric” er på høgde med Bjørnøya og varslar redningsskøyta. 125 nm frå Torsvåg møttes dei og går i land i lag. “Polaric” vert ikkje reparert ette rdette, og vert kondemnert i 1983.

Gratangen museum prøvde å bevare skuta, men måtte til slutt gje opp, og skuta vart nedrigga og senka i Astafjorden i Troms 1994.

 

LitteraturJohan Ottesen: Ishavsskuter Isflaket