Polarkyst

Eigar1945 Andreas Nylund, Ånstad,
FartytypeSelfangar
Reg. merkeT-49-A
HeimehamnAndørja
ByggeverftPeder G. Øyerhavn båtbyggeri, Kvinherad, bygg nr. 11
Byggeår1945
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår67,0 fot
Mål i breidde, byggeår19,2 fot
Mål i djupne, byggeår8,7 fot
Tonnasje62,64 brt 1946
65 brt
Maskin, orginalt1945 Laval 100 hk
Maskin, ny1953 Bolinder 120 hk
Ombyggingar Verft1950 lagt på ishud i Salten
ForlistForliste i Austisen 30. mars 1957
Utfyllande opplysningar

«Polarkyst» vart levert frå verftet i 1946 og dreiv i starten fiske. I 1949 får den maskinskade nordaust av Kapp Kanin og må bergast/slepast heim av «Aud 1», «Havegga 1» og «Bilbao». I 1950 får båten lagt på ishud og går i Austisen 13. april. Fangsten her var heller liten, og dei gjekk der i frå til Nordisen. 7. juni kjem dei til Noreg med 190 ungsel, 190 gammelsel, 66 storkobb, 4 døde isbjørn og 28 klappmyss til ein samla verdi av kr. 20.000.- 24. juni går skuta ut på ny tur til Nordisen og kjem heim 17. september  med 19 ungsel, 206 storkobb, 9 kvalross, 5 levande og 63 døde isbjørn til ein samla verdi av kr. 35.000,-

I 1957 ligg «Polarkyst» aust av Kapp Kanin med maskinproblem. Dei prøvar å reparere, og får også hjelp av «Godønes» som ligg i same området. Vinden aukar på og det vert høg sjø. Då stormen dreia nordleg ber «Polarkyst» den 30. mars om slep med «Godønes». Men slepetrossa ryk snart, og det gjere også ein tre-toms wire som dei prøvar å slepe med. Brått oppdagar «Godønes» brunnbrot berre 200 meter frå «Polarkyst», som stadig nærma seg brota. Situasjonen vart så prekær at dei berre rakk å fire èin av båtane, og heile mannskapet på 12 gjekk om bord i denne, samstundes med at «Godønes» gjekk rundt og kasta over ei line til dei. Alle kom seg velberga om bord i «Godønes» som straks gav maskina beskjed om stor kraft vekk frå det farlege området. Ekkoloddet synte då berre 2,5 famnar då dei var nede i ein båredal. Litt etter ser dei at «Polarkyst» hamna i grunnbrota og la seg over på sida med baugen peikane til himmels. Kort tid etter var skuta vekk. Den forliste i posisjon 68.20 nord og 48.26 aust den 30. mars 1957.