Polarsel

Andre namnPolnes (1968) - Kurt Ivar (1974) Aasnes (1975)
Eigar1950 A/S Polarsel, Hareid (Martinus Brandal)
1963 A/S Polarsel, Brandal, Martinus Brandal, M. Karlsen A/S og Rieber A/S
1968 John M. Karlsen, Tjørvåg
1971 Johannes Gravdals rederi, Leirvik
1974 Karl-Johan Pedersen, Dalekvam
1975 Arnold Aas og Audun Samuelsen P/R, Garnes/Bergen
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 39 HD
HeimehamnHareid
ByggeverftErik Lindstøl skips og båtbyggeri, Risør, bygg nr. 237
Byggeår1950
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår112 fot
Mål i lengde etter ombygging120 fot
Mål i breidde, byggeår24,4 fot
Mål i djupne, byggeår11,6 fot
Tonnasje200,78 brt 1950
205 brt
Maskin, orginaltCrossley 450 hk
Maskin, ny1968 Hjelset 260 hk - 1974 MWM V12 348 hk
SkipperarMartinus Brandal (1951-1961)
Ottar M. Brandal (1952-1966)
Rasmus Rønstad (1954)
Ombyggingar Verft1965 montert kraftblokk
ForlistForliste i Trondheimsleia 9. november 1975
Utfyllande opplysningar

Var leiteskute i Vestisen etter katastrofeorkanen i 1952.

1958 og 1959 ekspedisjonar til Nordaust-Grønland

Brannskadd 27. oktober 1966 ved Bolsønes Verft. Kondemnert som ishavsskute. Seinare i drift som frakteskute. Dreiv på land og vart knust ved Tyrhaug fyr i Trondheimsleia 9. november 1975, etter at maskinen vart stoppa. Dei tre om bord vart berga av M/S Elektron”.

”Polarsel” var den siste ishavsskute bygd i tre som kom til Brandal. Den var bygd ved Lindstøls skips og båtbyggeri i Risør i 1950. Skuta var 112 fot lang, 24,4 fot brei og 11,6 fot djup. Ein 450 hk. Crossley dieselmotor sytte for framdrifta.

Opphavleg var det Jens Hind frå Dyrøyhamn som tinga skuta, men mot slutten av byggetida trekte han seg frå kontrakten og Martinus Brandal overtok den nesten ferdige skuta i mars 1950. Nokre månadar etter kjøper Peter Karlsen seg inn i skuta. Martinus Brandal var skipper på skuta i førstninga, seinare vart sonen Ottar M. Brandal skipper på skuta.

Hausten 1950 står skuta på slipp for å sette inn hjelpemotor. Det bryt ut brann om bord, og skuta blir skuva på sjøen og botnventilane opna for å sløkke brannen. Dette var vellykka utan dei store brannskadane.

1952 var eit av dei store ulykkesåra i Vesterisen. 5 skuter med 78 mann kom vekk. ”Polarsel” vart i lag med ”Nordland I” engasjerte til å leite etter dei sakna skutene.

I 1958 og 1959 var ”Polarsel” hyra til ekspedisjonar på Grønland.

Føremålet med ekspedisjonen i 1959 var og rydde opp i området. Dette med bakgrunn frå 1931 då fangstmennene okkuperte deler av Nord-Aust Grønland. Det nye landet der dei hadde heist det norske flagg skulle heite ”Eirik Raudes Land”.

Danmark klaga saka inn for domstolen i Haag, der Noreg tapte og fekk ein frist på 10 år til å rydde opp i området. Denne fristen vart utsatt på grunn av siste verdskrig, men i 1959 då ”Polarsel” vart sendt i veg for å rydde opp, vart all norsk fangst stoppa i området.

Skuta dreiv med selfangst og sildefiske. Men ein måtte følgje med på utviklinga, så i 1965 fekk ”Polarsel” montert kraftblokk.

Året etter, i 1966, var skuta på slipp på Bolsønes for å skifte motor. Medan folk frå verkstaden heldt på med dette tok det til å brenne i botnen på skuta. Det var vanskeleg og få kontroll over elden, så skuta vart skuva på sjøen. ”Polarsel” vart fylt med sjø gjennom den opne hylsa, og på denne måten klarde dei å sløkkje brannen.

Skuta vart no kondemnert. Reiarlaget kjøpte den attende, og selde den vidare til John M. Karlsen i Tjørvåg. ”Polaric” sleper den til Tjørvåg der den blir ombygd til fraktebåt.

I 1968 er båten ombygd og klar for nye oppdrag. Båten får no namnet ”Polnes”, og har fått ein 260 hk. Hjelset motor.

  1. april 1971 er det igjen brann om bord i skuta. Dette medan ein ny eigar, Johannes Gravdal frå Stord er i Tjørvåg for å sjå på skuta. Folk frå land kom raskt til å fekk sløkkje brannen. Han brukte båten til ulike fraktoppdrag.

Gravdal sel båten vidare til Karl Johan Pedersen, Dalekvam, i 1974. No skiftar skuta namn til ”Kurt Ivar”, og får ny maskin igjen, ein MWM V12 på 348 hk.

Hausten 1975 er det igjen eigarskifte på båten. No til Audun Samuelsen og Arnold Aas ved Bergen. Nytt namn vart no ”Aasnes”. Men den 9. november 1975 enda skuta sine dagar i Trondheimsleia.

LitteraturIsflaket fleire artiklar Johan Ottesen: Skuter på fangst Nystrøm: Alarm I Vesterisen Når storstormen rasar, Ishavsmuseet Johannes Alme: Ishavsfolk si erfaring