Polarsirkel

Andre namnPolar Circle 1981 - Polarsyssel 1988
Eigar1976 Rieber & Co. AS, Bergen
1981 Carino Company, Ltd, St. John's
1986 Rieber Shipping AS, Bergen
1989 Polarsyssel AS, Bergen
1990 Rieber Shipping Svalbard AS, Bergen
1998 Solheimsviken Shipping AS, Bergen (Rieber)
2000 Torson Shipping AS, Tromsø
2007 Keith Halsey
2007 Polar Expedition & Research SA, George Town
ByggeverftHøivold Trading AS, Kristiansand
Byggeår1976
ByggematerialStål
Mål i lengde, byggeår42,35 meter
Mål i lengde etter ombygging46,48 meter 1986
Mål i breidde, byggeår11,5 meter
Mål i djupne, byggeår8,63 meter
Tonnasje974,85 brt 1976
Maskin, orginaltMaK-motor 2200 hk
SkipperarMagnar Aklestad
Utfyllande opplysningar

Første oppdraget til «Polarsirkel» etter bygginga var å gå med ein last tomtønner til New Brunswick i Canada. Deretter gjekk skuta på selfangst ved Newfoundland. Dei leverte 8740 sel  Tromsø, men på veg heim vart skuta send til Vesterisen for å ta med seg mannskapet frå «Fortuna» som hadde forlist der. «Harmoni» og «Is-Ola» låg også faste her, men ikkje før «Polarsirkel» var komne til Tromsø igjen vart det avgjort at dei skulle gå attende å hjelpe dei to skutene som låg faste. Det var inga stor sak for den nye sterke skuta å ta seg inn til dei fastfrosne skutene. «Is-Ola» hadde lege fast nær heile sesongen.

På hausten 1976 gjekk «Polarsirkel» til Antarktis for Norsk Polarinstitutt. På Dronning Mauds Land sette dei på land 9 forskarar som skulle gjere undersøkingar der. «Polarsirkel» gjekk vidare på andre oppdrag. Skipper Magnar Aklestad fortel at dei nokre dagar seinare fekk ei fortvila melding frå folket på isen som då hadde oppdaga at dei eigentleg oppheldt seg på eit stort isfjell som var i ferd med å lausrive seg frå land. Dei kom seg ikkje vidare, og «Polarsirkel» måtte gjere vendereis og flytte ekspedisjonen.

  1. mars er «Polarsirkel» tilbake i Bergen. Då hadde dei på vegen også vore innom Bouvetøya å lukkast med å sette opp ein automatisk verstasjon der. 21. desember 1978 var dei attende på Bouvetøya å landsette folk der via helikopter. Oppdraget var å granske livet på øya. Ei veke seinare får «Polarsirkel» ein trål i propellen og skuta måtte ankre opp å vente på assistanse frå ein sørafrikansk slepebåt som tok dei til Cape Town.

Dei tre komande åra gjorde «Polarsirkel» liknande oppdrag til Antarktis.

«Polarsirkel» gjekk også i forskingsoppdrag nord og vest for Svalbard desse åra, og gjorde oljeundersøkingar i Barentshavet.

Skuta vert operert frå Canada i åra 1981-1986 og den skifte namn til «Polar Circle». I 1986 kjem den til Noreg att, og to år seinare vert den sysselmannsskute på Svalbard og får namnet «Polarsyssel. Dette oppdraget har den til 2002.

I åra 2001 til 2006, med unntak av 2005, var den igjen på selfangst. I 2003 fekk den skade i Vesterisen då ein stor gammal blå-is slo mot hekken slik at det oppstod ei revne på om lag ein meter. Styremaskina vart fylt med vatn og slutta å virke og dei var utan styring. «Polarfangst» kom til å slepa dei ut av isen og det islandske vaktskipet «Ægir» kom til å slepa dei inn til Island.

I 2005 fekk «Polarsyssel» eit litt uvanleg oppdrag då dei tek del i filminnspeling for Walt Disney.

I 2007 vert den seld til Keit Halsey som skal bruke skuta som privat yacht.