Polhavet

Eigar1920 Walderhaug & Ratvik (Kristian Walderhaug og Hans Ratvik)
1927 Kr. Walderhaug
1932 A/S Polhavet, Vartdal (Knut Vartdal, Hans Vartdal, Johan Vartdal, Karl Vartdal og Jens Grytten)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 132 A
M 7 VD
HeimehamnÅlesund - Vartdal
ByggeverftPusnes MV, Arendal
Byggeår1918
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår102,1 fot
Mål i lengde etter ombygging120,4 fot
Mål i breidde, byggeår22,3 fot
Mål i djupne, byggeår10,5 fot
Tonnasje148,36 brt 1918
161,11 brt 1939
189,59 brt 1950
216,11 brt 1966
Maskin, orginaltPusnes MV 2 syl. comp. 130 hk
Maskin, ny1939 Wichmann 300 hk - 1954 Wichmann 480 hk
SkipperarEdv. Rønning (1918)
Hans Rekdal (1919)
Benjamin Haddal (1932)
Johan J. Vartdal
Jan J. Vartdal
Ombyggingar Verft1939 forlengd ved Liaaen, Ålesund, ny maskin.
1950 Ombygd ved Bolsønes, ny baug
1954 ny maskin
1955 påsett isfinnar ved Liaaen verft
1966 ved Rolf Rekdal Tomrefjorden, ny kryssarhekk og gjort høgre. Montert kraftblokk.
1968 utvida keisinga ved Fiskarstrand verft
KondemnertKondemnert 1973
Utfyllande opplysningar

Første gong på selfangst i 1918.

Under fangst i danskestretet i 1923 får “Polhavet” skada propellen då denne slår mot eit isflak. Propellakslingen vert bøygd og eine vengen tek bort i ramma. Ishavsskuta “Sæl” ligg i området og den sleper dei ut av isen og til Island.

I 1932 er “Polhavet” på fangst i Kvitesjøen. Ut i frå eigne observasjonar skulle dei ligge 8 kvartmil nord for fangstgrensa. Men natt til 16. mars kjem den russiske isbrytaren “Sibirjakov” opp på sida. Dei hevda at skuta var innom grensa. Skipperen protesterte, men til inga nytte. Russarane tok sluttstykka på geværa og sette 6 mann ombord i “Polhavet”. “Polhavet” fekk så ordre om å følgje etter isbrytaren. “Veslekari” hadde blitt arrestert dagen før, og litt seinare på dag måtte også “Maiblomsten” følgje etter. Om kvelden møtte dei sju andre skuter som også låg i arrest: “Sæl”, “Furenak”, “Helgehorn”, “Sælbarden”, “Heimland 1”, “Heimen”, og “Sæøen”. Det gjekk 9 døgn før “Polhavet” vart sette fri. Fangsten dette året vart 2200 sel for “Polhavet”.

Under sildefisket vinteren 1937 kolliderte “Polhavet” med herøybåten “Vestern” på Svinøyhavet 30. desember 1937.

I 1939 vart det uvêr på oversiglinga til Vesterisen. Skutene “Vestad” og “Vesterhavet” forliste i stormen. “Polhavet” var omlag 80 kvartmil frå iskanten då stormen kom. I den fæle kulden som var så la all sjøskvett seg til tjukk is over heile skuta og på segla. Delar av skansekledninga vart slegen inn, ein davit for overbord og masta vart skada, og trehuken gjekk på havet. Mannskapet var nervøse for at riggen også skulle fare, men den heldt. Rorleifninga fraus også på grunn av ising. Skuta berga seg gjennom orkanen, men både storsegl og mesan vart rivne over bord, og ein av livbåtane vart også teken av sjøen. Då “Ørnen II” forliste noko seinare fekk “Polhavet” ein ny båt med dei.

I 1940 hadde “Polhavet” fått skade i isen og var komen heim til Noreg for reparasjon då krigen braut ut. I statsråd 26. april vart det lagt fram ein kongeleg resolusjon om “på statens bekostning å yde ca. 30 norske selfangere i Vesterisen assistanse ved å utruste selfangeren “Polhavet””. dagen etter vert “Polhavet” utklarert til håkjerringsfiske i Stretet. 29. april kom “Polhavet” til Molde for å armerast og hamna der midt i bomberegnet. Mannskapa søkte tilflukt på land, og måtte seinare røme lenger opp mot fjellet då byen kom i brann. “Polhavet” vart også truga av denne brannen. Nokre av mannskapet gjekk då ombord og fekk skuta lenger ut frå land. Men dei måtte igjen forlate “Polhavet” då nye tyske flyangrep kom. Men då bombinga slutta ut på kvelden gjekk “Polhavet” frå Molde.

I 1946 bergar “Polhavet” mannskapet på den forliste “Frithjof”.

I 1955 vert “Polhavet” den første treskuta som får påsett isfinnar.

Hausetn 1973 på heimveg frå fiske ved Vikingbanken går “Polhavet” seg på land med full fart vest av Plittaren. Havaristen vart liggande å hogge i botnen. Mannskapet måtte forlate havaristen etter ei tid og gjekk ombord i “Sulestein” som hadde gjort eit mislukka forsøk på å drage dei av. Men då floa kom dreiv “Polhavet” sjølv av. “Polhavet” vart etterkvart slept til Vegsund slipp og sett på land. I tillegg til skadane skuta hadde fått ved grunnstøytinga var også delar av skroget i dårleg forfatning, og den gamle slitaren fekk pensjonere seg. “Polhavet” vart no kondemnert og senka i Gangstøvika.

LitteraturJohan Ottesen: IshavsskuterII