Polstraum

Andre namnEjnar Mikkelsen (1961) - Mikkelsen (1972)
Eigar1947 Osvald Lillenes, Tjørvåg
1961 Ministeriet for Grønland (Angmagssalik)
FartytypeSelfangar
Reg. merkeM 350 HØ
HeimehamnTrjørvåg
ByggeverftSøren A. Frostad, Tomrefjord, bygg nr. 50
Byggeår1947
ByggematerialTre
Mål i lengde, byggeår88,4 fot
Mål i lengde etter ombygging96 fot
Mål i breidde, byggeår21 fot
Mål i djupne, byggeår10 fot
Tonnasje111,18 brt 1947
Maskin, orginaltFinnøy 2 syl 180 hk
Maskin, nyHjelset 240 hk 1952 - Normo 280 hk 1968
SkipperarOsvald Lillenes
Ombyggingar Verft1956 forlengd
KondemnertKondemnert og søkkt utanfor Angmagssalik 1973 (?)
Utfyllande opplysningar

«Polstraum» fekk fager omtale i pressa då den kom ut i 1947, som den første nybygde skuta til Sunnmøre etter krigen. «Den er førsteklasses utstyrt med radiotelefoni til tønna, moderne instrumenter som ekkolodd, elektrisk logg, radiopeiling og radiotelefoni. Den er et prektig tilvokster til den sunnmørske ishavsflåten og en verdig representant for romsdalsk skipsbygging. Skuta har sentralvarme så nær som i mannskapslugaren forut, der det er omn. I alle rom er det vaskar som ein kan svinge inn i veggane, nett som ei anna dør. Mannskapslugaren forut, er sers rommeleg og lys eikemåla. Den har tolv einmannskøyer med skuffer under kvar»,  heiter det mellom anna i avisomtalen.

Første ishavsturen gjekk til danskestredet i 1947, og fangsten der vart 470 klappmyss og 25 tonn håkjerringstran til ein samla verdi på kr. 100.000,-

I 1948 får skuta skade på propellen og må slepast heim av «Signalhorn». Då hadde dei likevel ein god fangst inne.

I 1950 får dei igjen skade på propellen på veg inn gjennom isen i lag med fleire andre skuter. Det er slakk is, men brått kjende dei eit kraftig slag i skuta og maskina stoppa. Det viser seg at ein isfot har benda propellakslingen. «Polstraum» ropar i radioen etter assistanse, og «Norsel» går i retning av havaristane. «Veidemann» har også propellskade og «Norsel» sleper havaristane ut av isen. Forsikringsselskapet hadde gjort avtale med «Flemsøy» om at dei skulle slepe dei to havaristane til Island.

I slutten av 1960 vert «Polstraum» seld til Grønland og får namnet «Ejnar Mikkelsen» etter den danske polarforskar med same namn. Det er Kongelig Grønlanske Handel som er kjøpar.

Tok over som skute i Angmagssalik i 1961 etter “MIKI” som forliste i Stretet same året. Mannskapet teke opp av “Signalhorn”.